Mange blei vinka inn til sida: Måndag hadde UP laserkontroll på Halhjemsvegen. Mange køyrde for fort.

Storfangst: Heile 14 bilistar blei tatt

Måndag formiddag hadde Utrykkingspolitiet (UP) laserkontroll på Halhjemsvegen.

Rett før klokka 13 stilte politiet seg opp ved Halhjemsvegen for å kontrollera fart. Dei kontrollerte også for mobil- og beltebruk i same kontrollen.

— Det blei gitt 14 forenkla førelegg for fart, der høgaste hastigheit var 87 km/t i 70-sona. Det blei også gitt eitt forenkla førelegg for bruk av mobil, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand i ein e-post.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utan gyldig førarkort

Måndag ettermiddag kontrollerte politiet eit køyretøy på Søfteland. Sjåføren, ei kvinne i slutten av 30-åra, kunne ikkje visa fram gyldig førarkort, opplyser politiet.

Det er oppretta sak.

God stemning

På same tid som UP gjennomførte kontroll på Halhjemsvegen, var politipatruljen innom Ung Arena, som hadde ope for elevar frå både vidaregåande og ungdomsskuleelevar.

— Det var 15 elevar til stades og god stemning, fortel Lyssand.