Politiet i Os måtte bistå då ein bussjåfør blei fråstole veksleapparatet sitt natt til onsdag. (Arkivbilete)
Politiet i Os måtte bistå då ein bussjåfør blei fråstole veksleapparatet sitt natt til onsdag. (Arkivbilete)

Vart fråstole veksleapparat

Natt til i går måtte politiet i Os rykkja ut etter at ein busssjåfør vart fråstole eit veksleapparat.

Det var i 01.00-tida at politiet fekk melding frå Tide om at ein av deira sjåførar hadde blitt fråstole eit veksleapparat frå bussen, før vedkomande stakk frå staden. Bussen stod på Halhjem då det hende. Politiet leita etter tjuven utan hell.

- Vi vil no sjå gjennom video frå bussen, og håper på den måten å identifisera personen, seier Audun Hadler-Olsen ved Os lensmannskontor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tilstod

Ein tenåring har tilstått totalt fem tilfelle av eldpåsetjing,

- Det gjeld fleire tilfelle av eldpåsetjing som hende i tidsrommet november 2015 til januar 2016, kan Hadler-Olsen fortelja.

Politiet har etterforska saka, og teåringen var mistenkt.

Personen er mindreårig og har mellom anna på grunn av alderen fått påtaleunnlating med vilkår. Noko som tyder at forholda blir registrerte på rullebladet og vidare oppfølging.

Fann hasj

På ettermiddagen i går gjennomførte politiet i Os ei ransaking på ei adresse i Os.

Dei hadde mistanke om at dei kunne finna narkotika på staden, og hadde fått ransakingsordre frå Nordhordland tingrett. På adressen fann dei mindre mengder hasj, og ein mann i 40-åra blir meldt for forholdet.

Kontroll på Er-An

I 22-tida i går gjennomførte politiet i Os ein trafikkontroll ved Er-An på Søfteland. Dei sjekka bilar som køyrde i retning Bergen i ein halvtime. Då vart dei kalla ut for å bistå ved ein brann i Fana.

- Vi fann ingen ting å setja fingeren på den stunda vi stod der, fortel Audun Hadler-Olsen.