Heime åleine-fest: Kvinna som spelte høg musikk hadde det sikkert heilt topp. Det same galdt ikkje for naboane.

Vart oppringt av politiet fordi ho spelte høg musikk. Takka for at dei gav beskjed.

Kvinna på Søfteland sette pris på at politiet tok affære.

Det er ikkje kvardagskost at folk uttrykkjer takksemd for å bli kontakta av politiet med pålegg om å dempa seg.

Men nettopp det skjedde natt til 2. juledag i Søfteland-området.

Artikkelen held fram under annonsen.

Klokka 00.42 fekk politiet telefon frå ein nabo som ikkje fekk sova på grunn av intens bassdunking og høg musikk.

Personen som eigde huset vart oppringt, men han var ikkje heime. Det var derimot sambuaren. Og ho spelte høg musikk.

— Ho vart beden om å dempa musikken, og det pålegget etterkom ho. Ho takka til og med for beskjeden, humrar politioverbetjent Anne Lyssand.