- Vi ønskjer ein forskjell, men du er mann...

Når ein barnehage nektar menn å byta bleier på borna i ein barnehage, tenderer det til hysteri, meiner Laila Reiertsen (Frp).

Den siste tidas avsløringar av overgrep mot born i barnehagar i Bergen er alvorleg, tragisk og emosjonelt ei prøving for dei fleste av oss.

Barnehagar skal vera trygge for borna og deira foreldre samt ein god arbeidsplass for dei tilsette. Når alle desse momenta vert knust av at ein medarbeidar utfører ufyselege og krenkande handlingar ovanfor små born, vert både tryggleiken, tilliten og arbeidsmiljøet knust, berre på ein dag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er viktig at ein gjer alt det ein kan for å hindra slike hendingar i framtida. Men ein må ikkje verta hysterisk - noko eg vil påstå ein vert når til dømes ein barnehage nektar menn å byta bleier på borna i ein barnehage.

Samfunnet treng menn i fleire yrke der det er fleire kvinner enn menn. Dette har vore signalisert over mange år. Ein treng ulike rollemodellar spesielt i barnehage og skule. Og det er gledeleg at ein ser ein sakte, men sikker endring både i barnehage, skule og innan helse.

Då kan ein ikkje riva ned denne positive utviklinga ved å stengja menn ute frå å gjera jobben sin. Samtidig er det diskriminerande. Tenk om ein skal halda på slik på andre arenaar? I heimen med ein pappa som har permisjon, og er åleine med barnet sitt. Eller i jobben som sjukepleiar i stellesituasjonar med sjuke born. Nei, og atter nei. Slik kan ein ikkje halda på. Vi må heller utføra alle dei tiltaka som gjev meir tryggleik for borna når det gjeld barnehage.

Vi må vera meir opne for vanskelege situasjonar. Vi må snakka om det og samstundes få meir kunnskap, og samarbeida meir med ulike tenester som har med born å gjera. Alltid sjekka referansar ved tilsettingar. Vi må ha transparente barnehagebygg. Vandelsattestar må sjekkast jamleg, og ikkje minst at tilsette som har vore tilsett ei stund, også må levera ein sånn attest. Vera to tilsette tilstades i stellesituasjonar. Ein må i samarbeid med foreldre og barnehageeigar vurdera kameraovervaking om dette må til for å oppnå tryggleik og tillit.

Vi treng ikkje fleire panikkhandlingar. Men vi treng forskjellar og ulike rollemodellar. Og vi ønskjer menn i kvinnedominerte yrke, og kvinner i yrke der menn er i fleirtal.

Så enten du er kvinne eller mann så er du velkommen i dei yrka du sjølv ønskjer å utdanna deg og arbeida i.

Laila Reiertsen

Fraksjonsleiar (FrP)

Artikkelen held fram under annonsen.

Familie og kultur Komiteen