Lillian Hersvik, Anne Merete Hjelle og June Strømsnes stortrivst bak rattet på denne doningen.
Lillian Hersvik, Anne Merete Hjelle og June Strømsnes stortrivst bak rattet på denne doningen.

Damer bak rattet

June Strømsnes (22) skulle bli frisør, Anne Merete Hjelle (45) var barnepleiar og Lillian Hersvik (21) gjekk helse og sosial. No stortrivst alle bak lastebilrattet på Os vidaregåande skule.

June Strømsnes har elska motorar sidan ho som treåring fekk motorsykkel med støttehjul. Med ein far som er verksmester på SPZ-Bil på Askøy og ei mor som køyrer buss, kan ein kanskje ikkje unngå det.

- Men eg gjekk to år på frisørutdanning før eg kasta inn handkleet. No kjenner eg endeleg at eg er på rett hylle i livet, seier ho bestemt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Saman med klasseveninnene Anne Merete Hjelle og Lillian Hersvik er ho ferdig utdanna langtransportsjåfør i juni. Ein del av utdanninga er dagens ulukkes- og beredskapskurs.

- De skal bli ressurspersonar. Om de kjem til ei ulukke skal de ikkje berre stå og sjå på, men vita kva de skal gjera, seier lærar Hugo Christensen.

Dermed må elevane på golvet for å øva hjarte- og lungeredning på plastdukker.

- Det gjeld å halda takten til Staying Alive, ler ein av gutane.

Null baktale

At klassen på Os vidaregåande har klar overvekt av gutar, plagar dei ikkje.

- Det er knapt nok baktale og sladder i klassen vår. Gutane er skvære og gir beskjed der og då om det er noko. Det passar oss bra, seier Anne Merete og får anerkjennande nikk frå dei to andre.

Godt vaksne Anne Merethe er utdanna barnepleiar og platearbeidar, har truckførarbevis og mange års arbeidserfaring frå Posten.

- Som ung er det lettast å velja tradisjonelt i staden for det ein kanskje eigentleg har lyst til. Men etter kvart innser ein at det må ikkje vera slik. No håpar eg berre det finst ein arbeidsgjevar som vil satsa på ei halvgamal dame, ler ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lillian Hersvik har flytta heilt frå Egersund for å bli yrkessjåfør. Og har ikkje angra ein dag.

- Miljøet her på skulen er heilt topp. Eg vil anbefala alle jenter som lurer, til å våga og satsa.

Mindre risiko

- Er det nokon fordelar ved det å vera kvinne bak rattet?

- Ein klar fordel er nok at kvinner ofte tek mindre risiko. I staden for å gambla på at det går bra over fjellet på dårleg føre, stoppar vi og legg på kjettingar - for å vera på den sikre sida, seier damene som vidare meiner kvinnelege sjåførar er ein stor fordel for arbeidsgjevar.

- Vi er rett og slett meir forsiktige, og har nok ein del omsorg i oss. Det kjem til nytte i dette yrket også, seier Anne Merete.