Henrik Eidsvik har fått seg mange gode kundar med åra. Ein av dei er Per Fimreite som har gått til "Henriken" sidan 1967.
Henrik Eidsvik har fått seg mange gode kundar med åra. Ein av dei er Per Fimreite som har gått til "Henriken" sidan 1967.

Den standhaftige stasjonsmeisteren

Dei siste 25 åra har han knapt vore borte frå jobben ei heil veke. Henrik Eidsvik får energi av å gje andre påfyll.

Etter sju år som symaskinreparatør på Kløverhuset i Bergen, starta Henrik som stasjonsmeister for Osbilane - betre kjend som Fana, Os, Milde - då bensinstasjonen nedanfor Laksevegen første gong opna i 1957.

- Den gongen starta me som BP-stasjon. Dette var den tredje bensinstasjonen i Os. Først var BP-stasjonen ved Os kyrkje, deretter kom Esso-stasjonen, men den gong var han plassert ved det me i dag kallar Brugata, fortel Henrik.

Artikkelen held fram under annonsen.

I løpet av tida hans ved stasjonen har dei endra namn tre gonger. Etter BP, var det Norol, så var det Statoil i ein lang periode før det frå og med onsdag altså vert Circle K.

Allsidig kvardag

Medan familien og kollegaane hans feira nyopning av stasjonen og namneskifte frå Statoil til Circle K, kunne gamlefar sjølv feira heile 60 år ved pumpene.

- Det er rart å tenkja på. Tida har gått fort, seier 88-åringen.

I ein alder av 88 år er Henrik Eidsvik framleis like driftig. Då Os og Fusaposten intervjua han på tysdag, nytta han like godt høve til å vaska bilen i same rennet.
I ein alder av 88 år er Henrik Eidsvik framleis like driftig. Då Os og Fusaposten intervjua han på tysdag, nytta han like godt høve til å vaska bilen i same rennet.
Stasjonsmeister Henrik Eidsvik har jobba i 60 år på bensinstasjonen ved den gamle brannstasjonen.
Stasjonsmeister Henrik Eidsvik har jobba i 60 år på bensinstasjonen ved den gamle brannstasjonen.
Ordførar Paul Martin Sælen og Henrik då bensinstasjonen skifta frå BP til Norol. (Privat foto)
Ordførar Paul Martin Sælen og Henrik då bensinstasjonen skifta frå BP til Norol. (Privat foto)
Slik såg bensinstasjonen ut då den var eigd av Fana, Os, Milde på slutten av 1950-talet. (Privat foto)
Slik såg bensinstasjonen ut då den var eigd av Fana, Os, Milde på slutten av 1950-talet. (Privat foto)

- Du har aldri tenkt på å pensjonera deg?

- Det har visst aldri vore tid til det. Eg trivst med å ha noko å gjera, og sjølv om eldstemann, Nils Øyvind, for lengst har teke over som stasjonsmeister, er det nok av ting eg kan hjelpa til med, smiler Henrik.

Då Os og Fusaposten var med han på onsdag, nytta han til og med høvet til å vaska eigen bil medan han vart intervjua.

- Eg klarar ikkje sitja stille. Det blir fort så kjedeleg, ler han.

- Du har ikkje hatt mykje fråvær desse 60 åra?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Nei, det trur eg ikkje. Det har blitt ein livsstil. Eg trur ikkje eg har vore borte i meir enn ei veke til saman i løpet av dei siste 25 åra, ler han.

Kjært kundetilhøve

Noko av det han er blitt mest glad i, er å omgåast gamle og nye kundar.

- Me har ikkje autorisert verkstad her, men me yter alltid service og prøver å hjelpa til med førefallande arbeid, seier han.

Ikkje før setninga er avslutta kjem Per Fimreite og hukar tak i han.

- Du, Henrik, har du tid til ein gamal kunde som meg? Om du berre har eitt minutt til å kikka litt. Eg manglar ei list på spegelen min, seier Fimreite.

- Eg var eigentleg litt oppteken no, men om du er kjapp, så, smiler Henrik og ser spørjande på underteikna.

- Jaudå, Henrik, berre ta ein titt, du, svarar eg.

- Det er godt å bli prioritert. Det er difor eg har vore kunde her i 50 år, seier tidlegare sokneprest i Os, Per Fimreite.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg kom hit i 1967 og har vore trufast til Henrik og dei andre her sidan den gong. Her har dei alltid tid til å hjelpa, skryter Fimreite.

Ærleg konkurranse

Konkurranse-situasjonen i Os har til alle tider vore hard når det kjem til sal av drivstoff. For veteranen Eidsvik har det vore ein kime til motivasjon for å yta best mogleg.

Like bortanfor i vegen har ein annan veteran, Svein Tveit, også halde det gåande i mange år.

- Me har jobba side om side med tidlegare Shell-stasjonen, no Best-stasjonen nær sagt heile vegen. Konkurransen er stadig hard og reell, men det har alltid vore ein sunn konkurranse. Det har aldri vore noko ufint, seier Henrik.

Alt i alt meiner han kundane har tent på konkurransen.

Parkeringshus i fjellet

Henrik føler seg privilegert som har helse til å jobba i ein alder av 88 år. Får han det som han vil, blir han fleire år på stasjonen.

- Me er jo berre leigetakarar her, men inntil eit nytt parkeringshus eller liknande tvingar oss til å flytta, så blir me.

- Du ser kanskje helst at parkeringshuset kjem i fjellet?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Ja, både med tanke på stasjonen, og det at Os sentrum best ville kledd å fått bilane ut av syne.

- Kva synest du om korleis sentrum her har endra seg dei siste 60 åra?

- Folketilveksten kan ein ikkje stoppa, men eg hadde gjerne sett at indre sentrum vart bilfritt. Elles er eg glad me framleis er ei bygd, og ikkje trakter etter å bli by.

Fakta:

Namn: Henrik Eidsvik

Alder: 88

Bustad: Steinneset

Sivilstand: Gift med Marta. Tre born: Nils Øyvind, Siv og Arild.

Hobby: Fiske og jakt.