Marte Klyve stussar ikkje med å tilråda ungdom til å reisa til Normandie for å ta gymnaset der. - Opplegget er veldig bra, og heile opplevinga så langt har vore eit eventyr, seier 18-åringen.
Marte Klyve stussar ikkje med å tilråda ungdom til å reisa til Normandie for å ta gymnaset der. - Opplegget er veldig bra, og heile opplevinga så langt har vore eit eventyr, seier 18-åringen.

Fransk eventyr går mot slutten

Marte Klyve er inne i sitt siste år som gymnaselev i franske Bayeux. Opphaldet har vore eit eventyr.

18-åringen frå Vågadalen på Lekven har nok ein gong feira jula heime i Os, og gjer seg klar for sitt siste semester på Lycèe Alain Chartier i småbyen Bayeux i Normandie. Det er mildt sagt noko vemodig.

– Det har vore fantastiske år. Eg har opplved utruleg mykje, lært meg sjølv å kjenna og fått mange gode vener, seier den utadvente og smilande ungjenta som sit framfor meg ved kjøkenbordet i lag med mor Inger Johanne.

Artikkelen held fram under annonsen.

I løpet av to og eit halvt år i Frankrike har ho lært seg språket flytande, hatt to år på eit fransk seniorlag i handball, reist landet rundt på «ekspedisjon» i lag med norske studievener og sist men ikkje minst, fått seg ein fransk kjæraste ved namn Antoine.

– Så her er me altså inne på kjerna. Ein må gjerna tilrå ungdomen å dra, men ein risikerer at dei finn seg kjæraste og blir verande i landet?

– Haha, ja, du kan så seia. Men Marte må berre få lov til å gjera som ho vil. Ho er ung og eventyrlysten, og det er jo også hovudgrunnen til at ho drog i første omgang, kommenterer mamma Inger Johanne.

Mamma Inger Johanne Bøyum er stolt over kor sjølvstendig og tøff ungjenta hennar har vore. Samstundes var ho aldri i tvil om at ho hadde det som skulle til for å klara seg.
Mamma Inger Johanne Bøyum er stolt over kor sjølvstendig og tøff ungjenta hennar har vore. Samstundes var ho aldri i tvil om at ho hadde det som skulle til for å klara seg.
Dei norske bunadane er populære i Frankrike. I samband med D-dag-markeringar vert dei norske jentene ofte bedne om å stilla i fullt utstyr. Her er fleire av dei norske samla på 17. mai.
Dei norske bunadane er populære i Frankrike. I samband med D-dag-markeringar vert dei norske jentene ofte bedne om å stilla i fullt utstyr. Her er fleire av dei norske samla på 17. mai.
Marte starta i Bayeux i lag med seks andre jenter. Her er dei på tur til Paris hausten 2015.
Marte starta i Bayeux i lag med seks andre jenter. Her er dei på tur til Paris hausten 2015.
Fleire gonger i året  reiser dei norske elevane på turar rundt i Frankrike. Her er Marte i alpinbakken i Chamonix.
Fleire gonger i året reiser dei norske elevane på turar rundt i Frankrike. Her er Marte i alpinbakken i Chamonix.

Måtte ha tenketid

For det var Marte sjølv som kom opp med ideen om å reisa til Frankrike. Den yngste/eldste av Inger Johanne sin tvillingdøtre hadde utfartstrong alt i starten av 10. klasse. Etter litt tips og rettleiing frå ein lærar på Os ungdomsskule, hadde 15 år gamle Marte plutseleg funne Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) si heimeside og peika seg ut gymnaset i Normandie som sin neste skuleplass.

– Eg fekk jo litt panikk. Eg måtte ha tid til å tenkja og lesa meg opp på kva opplegg dette var. Men innan me nådde jul det året, var eg overtydd om at ho skulle få reisa, seier Inger Johanne.

– Du skjønte det var eit godt opplegg og at eg ville vera i trygge omgjevnadar, kommenterer Marte.

– Ja, det at det var snakk om internat-løysing og vertsfamilie var betryggande, repliserer Inger Johanne.

Fransk på 1-2-3

Før ho flytta til Bayeux kunne ho ikkje eit kløyva ord på fransk. Men sjølv ikkje det meinte Marte var skremjande.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me var seks norske jenter som byrja på skulen til same tid. Me kom på same rom på internatet og hang mykje i hop. Det gjorde det heile enklare.

– Men språket då?

– Det kom veldig fort. Kvar helg budde me hos kvar vår vertsfamilie. Her vart det berre prata fransk. Etter kort tid forstod eg meir og meir, og i det me nådde juleferien første året, var eg alt byrja å prata flytande fransk.

– Gjekk undervisninga på skulen på fransk frå første stund?

– Nei, me hadde tilpassingstid fram til november, men etter det vart me fast innventar i ein vanleg, fransk klasse, fortel Marte.

– Korleis opplevde du skulen i starten?

– Det var litt annleis. Me har til dømes ganske mykje lengre skuledagar enn det som er vanleg i Noreg. Samstundes er det nok større fokus på disiplin enn eg har inntrykk av at det er på vidaregåande skular i Noreg.

Historisk by

Det første året budde Marte og dei fem norske veninnene på internatet. Etter dette flytta dei to og to i leiligheiter. I dag bur Marte midt i sentrum av vesle Bayeux i lag med si bergenske veninne, Ingvild Kvalsvik.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Bayeux er ein liten og flott historisk by. Totalt bur det ikkje meir enn i overkant av 10.000 menneske der. Det gjer at det er både intimt og koseleg. fortel Frankrike-studenten.

Ho bur også like ved ei svært kjent strand.

– Det er ikkje langt til Obaha beach, som mange kanskje kjenner til frå historia om dei alliertes invasjon under 2. verdskrig.

– Er byens innbyggjarar veldig medvitne denne historia?

– Ja, det er ein del arrangement kring 2. verdskrig, og me norske vert ofte inviterte. Me har vore på fleire 6. juni-arrangement, som er datoen for invasjonen. Då er me blitt inviterte til seremoniar på gravlunder eller på stranda – kvar gong med klar melding om å stilla i norsk bunad. Så står me der og kastar glans over arrangementa, ler Marte.

Utvida miljø

Den første tida i Frankrike følte Marte at ho hadde meir enn nok med det som skjedde på og rundt skulen. Etter kvart har ho utvida omgangskrinsen meir.

– Ein får rikeleg med vener og kjente på skulen, men eg følte likevel det var viktig også å koma meg inn i andre miljø. Difor starta eg og ei anna norsk jente på eit fransk seniorlag i handball. Der spelte me i to år og hadde det veldig kjekt, fortel ho.

– Korleis vil du seia at den gjengse franske ungdomen er i møtet med deg som tilflyttar?

Artikkelen held fram under annonsen.

– I starten var det litt vanskeleg. Kanskje spesielt ettersom me var seks norske, så var det som om dei frykta litt å ta kontakt. Eg hadde inntrykk av at dei var litt tilbakehaldne, og at dei venta at det var me som måtte ta kontakt. Men når barriera var broten er det som her i Noreg. Me er veninner på likt vis som alle andre, om me er norske, frå Litauen eller Frankrike.

Også vertsfamilien som ho budde hos i helgane det første året, føler Marte var viktig for å læra seg det franske lynnet.

– Eg var heldig. Det var full match med familien, og det var det også for mor mi då ho kom på besøk i januar det første skuleåret. Sjølv i dag har eg god kontakt med familien og dei fire «stesøskena» mine som budde der. Den dag i dag er eg rett som det er på middag der. Det er veldig hyggjeleg.

Bonus-turar

Marte er den første osingen som reiser til Frankrike med SIU sitt opplegg. Mamma Inger Johanne og Marte kan ikkje få fullrost opplegget nok.

– Du må få med at dette kostar eigentleg svært lite. Då Marte reiste, måtte me betala 25.000 kroner, men det var for alle tre åra, seier Inger Johanne.

– Ja, og undervegs får me stipend og støtte frå SUI som er nok til å leva av, supplerer Marte.

Til og med ferieturar rundt i Frankrike får dei spandert.

– Me har fleire tovekers-feriar i semestra og ein til to gonger i året reiser me på tur med dei nye, norske elevane for å visa dei rundt i landet. Det er utruleg flotte turar – turar der me får dekka reise og opphald for alt frå fem dagar til godt over ei veke, fortel Marte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Til no har ho vore på ski i Chamonix, på hamnebyferie i Marseille, storbyferie i Paris og besøkt Europaparlamentet, Europarådet og den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg.

– Til våren blir det badeferie på Korsika, fortel ho.

Tek kjærasten med seg

Marte hadde ingen planar om å få seg kjæraste under opphaldet i Frankrike, men det var inntil ho møtte Antoine.

– Me har vore kjærastar i om lag eit halvt år og har det veldig fint.

– Er det mannen i ditt liv?

– Nett no kjenst det slik, ja, ler Marte.

Ho fortel at om ho forlèt Frankrike no til sommaren, så blir han kanskje med.

– Han er open for å flytta på seg. Det er for så vidt eg også, så nett no veit eg ikkje kvar me endar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men du har vel nokre idear?

– Ja, eg liker jo språk og reising, så det må bli noko knytt til det. Kanskje flyttar eg til Italia og lærer meg eit språk til, humrar ho.

Ho kjem også til å søkja på studium i Noreg, men ikkje for å bli i landet.

– Det må bli eit studium som tilbyr meg å vera utvekslingsstudent i eit anna land. Eg er litt for eventyrlysten til «berre» å bu i Noreg, ler ho.

– Og det er greitt for deg, Inger Johanne?

– Du, den tanken har eg heilt vendt meg til. Marte har utfartstrong, og ho er blitt veldig moden og sjølvstendig på desse åra. Så ja, ho har mi velsigning.

– Du har fleire born som bur vekke, så du er jo van med det?

– Ja, eg har jo Jan Erik i Moss, Geir Andrè i Drammen og Kalle på Bremnes, så jauda, eg er van med det. Men så har eg jo Renate og tvillingssøstera til Marte, Trine. Ho går på Os gymnas her heime.

– Så til deg Marte – det nær sagt overflødige spørsmålet: Tilrår du andre unge å flytta til Frankrike og gå på gymnaset i Bayeux?

– Ja, det har vore så lærerikt og kjekt og eg angrar ikkje eitt sekund.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no