Fusingane kan vera stolte av denne gjengen.
Fusingane kan vera stolte av denne gjengen.

Fusa-jentene stormar fram i Sogndal

– Jaja, dette var ikkje stor idrett, men vi vann i alle fall 4-1, seier trenar Stig Tveit.

Det er laurdag kveld og Fjorden-jentene har nett knust Lindås 4-1 på Fosshaugane.

Likevel ser ikkje trenar Stig nokon grunn til å sukra pillen i sin pep-talk  etter kampen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Jammen, eg må jo vera ærleg, ler han.

J13 deltok på Lerum Cup i fjor også. Den gongen reiste dei heim utan å ha skåra eit einaste mål. Etter to kampar i år står dei med to sigrar og 9-1 i målforskjell.

Fjorårstrenarar og foreldre til kvar si jente på laget, Ann-Elen Skjelbreid og Britt Karen Spjeld, trur oppturen skuldast fleire ting.

Full fart.
Full fart.
Full fart.
Full fart.
Uredde er ordet.
Uredde er ordet.
Full fart framover.
Full fart framover.
Mamma Karen Helland Spjeld gir litt trøyst og oppmuntring.
Mamma Karen Helland Spjeld gir litt trøyst og oppmuntring.
I skrivande stund har Eikelandfjordens keeper berre sleppt inn eitt mål.
I skrivande stund har Eikelandfjordens keeper berre sleppt inn eitt mål.
Jentene får med seg både oppmuntring og formaning i pausen.
Jentene får med seg både oppmuntring og formaning i pausen.
Heigajengen på sidelinja fekk kanskje litt himmelsk drahjelp denne kvelden.
Heigajengen på sidelinja fekk kanskje litt himmelsk drahjelp denne kvelden.
Hanna Eline Heidal skåra to mål i kveldens kamp.
Hanna Eline Heidal skåra to mål i kveldens kamp.
Anna Skjelbreid Poiree på full fart framover på bana.
Anna Skjelbreid Poiree på full fart framover på bana.
Ingrid Skjelbreid Gjelland var ikkje heilt i form og måtte kasta inn handkleet mot slutten av kampen.
Ingrid Skjelbreid Gjelland var ikkje heilt i form og måtte kasta inn handkleet mot slutten av kampen.
Jentene gratulerer kvarandre med kampens fyrste mål.
Jentene gratulerer kvarandre med kampens fyrste mål.
Trenar Stig Tveit er stolt av jentene på laget.
Trenar Stig Tveit er stolt av jentene på laget.

– Ein ting er et opplagde som at dei har blitt eit år eldre og er større og sterkare. Men dei har også blitt forsterka med jenter frå Holmefjord som har sklidd rett inn i gjengen, seier Britt Karen.

Ann-Elen peikar på kor uredde dei er.

– Dei kjempar for kvar ball og har ein fantastisk innsats.

Kveldens målskårarar er Oda Linnea Lyhammer, Hanna Eline Heidal og Karen Helland Spjeld.

Hardføre fusingar

Medan Lindås-foreldra gøymer seg oppe på tribunen under tak for regnet, står Fusa-mødrer og Fusa-fedrer nede på banen og heiar frå sidelinja.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trenar Stig ropar og dirigerer.  Det same gjer nokre av foreldra. Spesielt Liv Grethe Skjelbreid, som er mor til Anna og tante til Ingrid, er frampå. 

Innimellom dirigerer ho også Stig til å dirigera. 

– Kven er eigentleg trenaren her?

Fire foreldre snur seg mot journalisten på likt og peikar mot same mann: ”Stig!”

– Men det er viktig med motivatorar, ler Liv Grethe.