Stian Lunde kjenner det kribler litt når han ser gamle lagkompisar på bana, men er samtidig glad for å sleppa.
Stian Lunde kjenner det kribler litt når han ser gamle lagkompisar på bana, men er samtidig glad for å sleppa.

Han burde eigentleg ikkje ha vore her, men han greidde ikkje la vera

Ein hanglande og halvsjuk Stian Lunde leia an Os-supporterane då gamlelaget hans møtte Fjøra i Sogndal fredag kveld.

– Eg måtte høyra med legen om det var greitt at vi reiste oppover. Vi har sikra oss med å bu i eit hjørne av klasserommet for oss sjølve.

Stian Lunde ler. 37-åringen er på Lerum Cup i Sogndal som trenar for Gutar 11, der eldstesonen spelar. Begge to har vore sjuke heile veka, men ved god hjelp av paracet og penicillin, tok dei sjansen på at dette skulle gå bra. 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi har rigga oss til med soveposane våre i eit hjørne av klasserommet. Så satsar vi på at vi ikkje smittar nokon, ler Stian.

– Du burde eigentleg ha vore heime under dyna?

– Ja, eg burde sikkert det. Eg har nesten ikkje stemme heller, men no er vi her og vi skal ha det kjekt, smiler han.

Desse foreldra har svart belte i heiing. Os-kampen er berre ei oppvarming før G13 skal i elden laurdag.
Desse foreldra har svart belte i heiing. Os-kampen er berre ei oppvarming før G13 skal i elden laurdag.
Berre glade folk på tribunen denne kvelden.
Berre glade folk på tribunen denne kvelden.
Jenter 13 er klare for kamp.
Jenter 13 er klare for kamp.
Randi Kolskogen (t.v.) ler godt når ho vert avslørt i å sitja på mobilen under kampen.
Randi Kolskogen (t.v.) ler godt når ho vert avslørt i å sitja på mobilen under kampen.

VIP-losjar for Os

Os Turn deltek med 12 lag på cupen, og overnattar i det som må kunne kallast VIP-losjar. Klasserom med direkte utgang til Fosshaugane stadion gjennom skyvedører.

Det kunne ikkje ha passa betre, sidan Os-herrane er i saftbygda for å spela mot heimelaget Fjøra denne kvelden. Då Endre Brenne og hans menn kjem på bana for å varma opp, vert dei møtt av ein haug med kjentfolk.

– Eg fryktar heimebane-fordel, ropar Torkel Hjertnes opp til Stian. 

– Er du reservekeeper, eller, ropar Stian tilbake og ler.

Det har blitt ein del kommentarar for Hjertnes etter at han steppa inn som ”krise-keeper” for Os 2 for ei par veker sidan.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vanskeleg med spansk

Speakeren på Fosshaugane annonserer spelarane ein etter ein, og osingane jublar for sine. Når turen kjem til  Rafael Villen Villen, nøler han og stotrar litt.

Små og store Os-supporterar ler godmodig. Dei har jo for lengst lært seg korleis ein skal uttala namnet til den spanske fotballhelten. 

Dei mange jentene og gutane frå Os vel å setja seg i klynger litt borte frå dei vaksne. Forståeleg nok. Men G13 har plassert seg i samla tropp og syter for å halda intensiteten oppe. ”No blir det mål! No blir det mål”, ropar dei taktfast i det dommaren bles i gang kampen. 

Derfrå og ut får dei mykje å jubla for. Heile fire mål, faktisk. To av dei signert Rafael Villen Villen. Det seier seg sjølv at Sogndals-speakeren får køyrt seg.

Glad for å sleppa

Det er tre år sidan Stian la opp som aktiv fotballspelar. Med tre born og full jobb som lærar på Os barneskule, greidde ikkje 37-åringen å henga med lenger.

– Sjølv på dette nivået må ein trena ganske hardt, og eg hadde rett og slett ikkje tid til det lenger, seier han.

Han vedgår at det kriblar litt når han ser kompisane spela kamp. Spesielt her i Sogndal, der han var student i tre år og sjølv har spelt cup som liten gut.

– Men akkurat no når eg er sjuk og kroppen er heilt ute, så er eg ganske glad for å sleppa, ler han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kveldens eigentlege stjerne

– Kva trur du det betyr for karane å bli møtte av så mange osingar på tribuna?

– Det betyr mykje. Det er ikkje alltid like lett å koma til ei bortebane ein sein kveld etter mange timar i buss. Då gir gir ein ekstra boost å sjå Os-flagget vaia og sjå kjende ansikt som ventar på deg. 

Etter kampen kjem eit samla lag bort til osingane og takkar for støtta. Kaptein Marius Mikkelsen fiskar opp mobilen og filmar gjengen på tribuna medan han instruerer dei i å heia på likt.

Ingen tvil om kven som var den største stjerna denne kvelden.