Os-jentene Renate Flatland og Andrea Drange er framleis i mindretal i Os Håndbakklubb, men håpar å få med seg fleire jenter så klubben kan få ei eigen jentegruppe i klubben. Gutane heiar på tiltaket.
Os-jentene Renate Flatland og Andrea Drange er framleis i mindretal i Os Håndbakklubb, men håpar å få med seg fleire jenter så klubben kan få ei eigen jentegruppe i klubben. Gutane heiar på tiltaket.

Krafttak for gjenerobring av NM-trona

I fjor glapp lagsigeren ut av nevane til Os Håndbakklubb. Det skal ikkje skje igjen.

For første gong på åtte år drog medlemene av Os Håndbakklubb heim utan lagsiger-tittelen i fjor haust. Det har dei ikkje tenkt å la henda ein gong til.

- Det er me som er klubben med stor K i Noreg. Det er jo trass alt me som har lært opp alle konkurrentane våre, humrar mannen som ein gong stifta klubben, legendariske, Arne Thuen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trongt kring borda

Det er fredag kveld og dei armsterke gutane og jentene kjem litt om litt tuslande inn i det avlange lokalet i nordenden av Sprek og Blid. Gode på møtetid er dei ikkje.

- Det vert litt sånn. Me skal liksom byrja klokka seks, men folk kjem tutlande litt om litt heilt til klokka 19. Deretter gjeld det å bryta å få noko vettig trening ut av kvelden medan me er litt folk, seier veteran Tore Matre.

Regjerande Armwars-meister Frode Veim Haugland er også på plass. Tore og Frode er som brør som elskar å tirra kvarandre. Dei småkjeklar og ler medan dei prøvar å varma opp dei noko overdimensjonerte bicepsane under T-skjorte-kanten.

Frode Veim Haugland nekter å la underteikna ta bilet dersom ikkje han får å Tore sin arm nærast banka i bordet. Tore kan ikkje anna enn å le.
Frode Veim Haugland nekter å la underteikna ta bilet dersom ikkje han får å Tore sin arm nærast banka i bordet. Tore kan ikkje anna enn å le.
Råsterke og 106 kg-tunge Sindre Thorbjørnsen må til for å gje "gamlefar" Arne Thuen tilfredsstillande oppvarming. (Jauda Tore og Frode, underteikna veit at de og er sterke nok til å matcha Arne)
Råsterke og 106 kg-tunge Sindre Thorbjørnsen må til for å gje "gamlefar" Arne Thuen tilfredsstillande oppvarming. (Jauda Tore og Frode, underteikna veit at de og er sterke nok til å matcha Arne)
Frode lét ikkje ein sjanse til å visa musklane sine gå frå seg.
Frode lét ikkje ein sjanse til å visa musklane sine gå frå seg.
Full trøkk på fire handbakbord fredag. Om litt har Os HK fått to bord til å boltra seg på.
Full trøkk på fire handbakbord fredag. Om litt har Os HK fått to bord til å boltra seg på.

- Me må jo dra kvarandre litt i gang, skjemtar gutane.

Arne Thuen er i gang med å varma opp borte ved borda. Til å gje han litt motstand har han gedigne Sindre Thorbjørnsen frå Stord Håndbakklubb.

- Me er tre-fire frå Stord som trenar fast med Os HK. Det er gull for oss. Her er det alltid god stemning og godt nivå på treningane, skryter Thorbjørnsen.

Kvinne-rekruttering

Dei siste åra har Os HK hatt lite med kvinner som har villa delta i NM. Dersom dei skal gjenerobra lag-NM tittelen under NM i Førde i april, må jentene visa seg på trening snarast.

Sambuar til Frode Veim Haugland, Renate Flatland, har teke eit krafttak for å gjera det kjekkare for jenter å byrja i klubben. Ho trur det finst mange jenter i bygda som kunne gjort ein fin innsats i sporten.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Per dags dato er me fire jenter i klubben, Irmelin Austefjord, Andrea Drange, Lisbeth Fagerheim og meg sjølv. Men i mars skal me ha ei stor treningssamling og rekrutterings-dag. Då håpar eg fleire kjem og prøvar seg. Det å trena med gutane er kanskje litt skremjande. Difor er ønsket at me skal ha ei undergruppe for jentene. For denne gjengen skal eg vera trenar, seier Flatland.

Ho har berre to år bak seg i sporten, men meiner ho har tileigna seg godt med kunnskap.

- Ein lærer jo litt av å bu og vera kjæraste med ein dedikert handbakutøvar som Frode, humrar Flatland.

Også på junior-sida håpar klubben å få inn nye talent.

- Det er mange unge som har trena mykje styrke og kjem inn hit for å vera med. Problemet er at dei ikkje heilt veit kva dei går til. Dei trur kanskje at dei er sterkare enn dei er, så får dei vondt, tapar nokre kampar og kjem aldri tilbake, seier Frode.

- Ja, det er faktisk betre at dei kjem hit før dei trur at dei er så sterke. Då kan dei læra sporten frå start av, legg Tore til.

Til London

Tore, Frode og Ronny Risøen er inne i ein tøff oppkøyringsperiode. Gutane ladar opp til meir enn den komande noregsmeisterskapen

i Førde.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me var jo i Skien i november og kvalifiserte oss til denne WAL-meisterskapen. Dette er ein svær internasjonal meisterskap med store pengepremiar. Det er klart me har lyst å vera med til finale-runden, seier Tore.

At alle tre osingane går vidare frå London-rundrn er likevel lite sannsynleg.

- Me tevlar alle i -88 kg-klassen, og berre tre utøvarar får tur til finalerunden i Las Vegas til sommaren. Det skal vel litt til at me alle får vera med på det, seier Matre.

Frode er fast bestemt på at han skal ordna seg billett.

- Alle som kjem seg til Las Vegas er sikra pengepremie. Dersom eg vinn heile greiene, får eg 20.000 dollar. Det er gode pengar for ein som byggjer hus, humrar Frode.

Plass til fleire

Men i desse dagar jobbar altså klubben for å utvida talet på medlemer.

- I dag er me kring 20 aktive, men me kan så absolutt bli fleire. Me har bestilt to nye bord, så om litt har me seks handbakbord til disposisjon, fortel Renate.

- Tidlegare var me bortimot 20 som stilte i NM. No i fjor haust var me knappe 12, seier Frode.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det må me få gjort noko med. Eg får stilla eg og, då, seier Renate, som i så tilfelle får sin NM-debut.

- Nokre av rivalane til lagsigeren i NM var sjølv på treninga på fredag. Gjengen frå Bergen Armsport vann denne tittelen på heimebane i fjor haust.

- Dei er jammen meg frekke. Kjem til oss og lærer og trenar, og så slår dei oss i meisterskapen seinare. Nei, til våren skal dei få bank, lovar evigunge Arne Thuen.

- Ja, og Arne kjem til å vera blant dei som gjer dei det. Han er i sjukt god form no og enormt revansje-sugen etter at han "berre" vart nummer fire i fjor haust, humrar Tore Matre.