Jan Helge Kordts var i fyr og flamme i "speedy gonzales"-varianten av "no skal eg faen meg på Tinder", medan ein barmfager Linda (Nytræ) tok den lyse soloen med verdas verste nasale lalala.
Jan Helge Kordts var i fyr og flamme i "speedy gonzales"-varianten av "no skal eg faen meg på Tinder", medan ein barmfager Linda (Nytræ) tok den lyse soloen med verdas verste nasale lalala.

Latterleg gjensyn med haustfest-revyen

Ti år etter siste heilaftan med revy, haustfest, betasuppe og dans, vart Søre Neset ungdomslag tilbake med full meny. Det var det mange som sette pris på.

Det vart trampeklapp frå første strofe i ungdomshuset på Haugland laurdag kveld. Ensemblet i Søre Neset ungdomslag hadde verkeleg publikum med seg frå første stund, og det gjorde dei seg etter kvart godt fortent til. For dei åtte aktørane på scenen leverte som forventa og vel så det. Dei som visste kva dei fekk, lo fordi dei ville ha nettopp dette. Andre, som underteikna vart positivt overraska over at dei verbale poenga faktisk var i overtal i høve til lettvint slapstick-humor.

Litt bæsj må med

Jaudå, ville du ha bygdehumor med under buksa-poeng så fekk du sjølvsagt det også, men poenga var likevel til stades, sjølv om eit par av dei  var låna av meir eller mindre kjende vitsar. Godt presentert var det uansett. Alle aktørane på scenen såg ut til spela rollane sine ut med gledje. Det var spelegledje og det er rett ut sagt litt synd at dette var ein eingongskveld for alle dei som ikkje var blant dei 100 i salen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Litt bæsjehumor fekk me og, men då i den litt meir raffinerte formen. Ein miljøpsykopatisk hundeeigar vel spelt av Ian Parker hadde gått vel langt i tankerekkjen kring korleis handtera sin firbeinte kamerats middagsrester. Her tok dei han såpass ut at det verkeleg var morosamt latterleg.

Også for Søftelendingar

Med Linda Nytræ med på scenen var det sikkert også humor for søftelendingar. Ikkje eit vondt ord om dei eller andre som kjem frå andre bygder i Os, men ho sambygdingen dykkar er noko for seg sjølv. Best var ho då ho gleda dei frammøtte med "Lindas Språksjau" - ein herleg punsj med morosame betraktningar framført i dialekter henta frå heile Noregs-kartet. 

Jaudå, humoren var altså ikkje berre intern. Eit anna døme på dette var nok Kevin Vågenes i "Samtaleterapi", truleg ville nikka annerkjennande til. Runar Drønen likna ikkje berre på Kjell Simen, han var Kjell Simen, og Karianne Sæthre vist både her og i andre sketsjer denne kvelden at ho verkeleg kan vera rappkjefta og knallhard. I dette tilfellet sjølvsagt som Britt Helen.

Runar Drønen er lett å drilla i starten av forhaldet, men det er grensar for kor lenge han vil vera tøffelhelten til Karianne Sæthre.
Runar Drønen er lett å drilla i starten av forhaldet, men det er grensar for kor lenge han vil vera tøffelhelten til Karianne Sæthre.
– Du kallar meg ein idiot, kan du beklaga det? - Ja, eg beklagar at du er ein idiot.
– Du kallar meg ein idiot, kan du beklaga det? - Ja, eg beklagar at du er ein idiot.

Ståande applaus

Tek me med at ensemblet verkeleg også kan syngja, skjønar ein at framsyninga på Haugland var vel verd inngangspengane. Skål for Søre Neset ungdomslag, for energien i ungdomshuset, og for at folk verkeleg framelskar lokalrevy her i Os.