Torkel Hjertnes er ein av over 40 arbeidstakarar som denne hausten har fått arbeidsplass i det gamle Lidl-bygget i Ådnadalen.
Torkel Hjertnes er ein av over 40 arbeidstakarar som denne hausten har fått arbeidsplass i det gamle Lidl-bygget i Ådnadalen.

Meir og meir lys i Lidllageret

Berre sidan i sommar er 3.600 av dei totalt 40.000 kvm i Lidl-lageret blitt teken i bruk. Over nyttår leiger Skeie og Larsen-familiane 1.000 kvm til.

- Med 1.000 kvm til får me betre lagringsplass. Det har gått fort til no, og me er overraska over kor fort 3.600 kvm plutseleg viser seg å vera for lite, seier Jan Frode Skeie.

Felles base

Det er blitt ein heil liten "næringsby" i norenden av det gamle Lidl-bygget denne hausten. Totalt har seks selskap fått kontor i bygget - størst av dei er MX Sport, Sport Outlet og Elements Productions.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er kjekt å ha samla alle firmaa og lagera våre på ein og same plass. Samstundes har me nære band til både reklamefirmaet, rekneskapsfirmaet og spedisjonsfirmaet som er her, og har store fordelar av at alle har felles base her i bygget, seier Jan Frode Skeie.