Som ei av fem bygder er Søfteland i kommuneplanen utpeikt som "nærsenter".
Som ei av fem bygder er Søfteland i kommuneplanen utpeikt som "nærsenter".

Utvikling av Søfteland som nærsenter

Idrettslaget har no fått utarbeid nytt og meir detaljerte forslag til korleis området kan nyttast, men denne gongen har ikkje ordføraren vist den same interessa. Noko ein kan undrast på, då det var partiet hans som lanserte ishall på Søfteland som ei av hovudsakene i valkampen i fjor, skriv Sveinung Stensletten (V).

Som ei av fem bygder er Søfteland i kommuneplanen utpeikt som "nærsenter". Planen definerar nærsenter som: "Mindre senter med detaljhandel som daglegvarer, post, private og offentlege helse og velvære tjenester etc. dimensjonert for nærmiljøet".

For å få til eit godt fungerande nærsenter er det viktig å kunna samla dei ulike funksjonan/tenestene i eit avgrensa området. Ein kan då lett koma seg til og frå og mellom, til fots eller med enkle transportmiddel, og dette blir då naturlege møtestader for bygdafolket. Slik er det ikkje på Søfteland i dag, sjølv om avstandane mellom fotballbane, butikk, pizzeria, skule og barnehage ikkje er avskrekkande.

Artikkelen held fram under annonsen.

Før kommunevalet i 2007 var

Frp på salsturné

Før kommunevalet i 2007 var Os Frp på "salgsturné" og arrangerte folkemøte på Memos Pizza. Det var alt då store vyer om Endalausmarka (Lyseparken) og den store folkeauken og utviklinga dette ville føra med seg. Illustrasjonane som vart vist hadde med areal for industri og bustader, men mangla heilt areal til fellesfunksjonar/-tenester som skule, kultur, idrett og friluftsliv. Då dette vart teke opp av tilhøyrarane, sa ordføraren seg samd i at også dette måtte inn i planane. Kort tid etter tok idrettslaget kontakt med ordføraren vedrørande omregulering av området mellom Eikhaugen og Bergstø frå LNF-område til fellesfunksjonar i arealplanen. Det vart også utarbeidd teikningar og ein modell som illustrerte korleis området kunne utviklast.

Ordføraren tok i samarbeid med idrettslaget tak i saka, og etter litt tid var området omregulert og kommunen kjøpte ut delar av området. Etter det stoppa, av ulike årsaker, prosessen opp.

Ishall?

For eit par år sidan tok idrettslaget saka oppatt. Den store utbygginga rundt Søfteland er alt godt i gang, og om få år ser ein at det vil verta press på alle typar fellestenester og dermed bruk for høvande areal.

Idrettslaget har no fått utarbeidd eit nytt, detaljert forslag til korleis området kan nyttast, men denne gongen har ikkje ordføraren vist den same interessa. Noko ein kan undrast på, då det var partiet hans som lanserte ishall på Søfteland som ei av hovudsakene i valkampen i fjor.

Ishall heller ikkje, området mellom Eikhaugen og Bergstø er truleg både eit mogleg og svært eigna areal til å skapa "nærsenteret Søfteland", slik politikarane er samde om i kommuneplanens samfunnsdel. I den nevnte planen (frå 2015) er det også lagt vekt på at utviklinga må skje i eit samarbeid mellom kommune, frivillige organisasjonar, næringsliv og innbyggjarar.

På Søfteland er ein i full gang, men saknar førebels drahjelp frå kommunen. Næringslivet kjem nok med når planane vert litt meir konkrete.

Os Venstre vil følgja opp denne saka i samband med handsaming av kommunens budsjett for 2017.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sveinung Stensletten

Leiar i Os Venstre

Søftelending