27-åringen har no jobba hos Bjørnafjorden brann og redning i rundt sju veker, og stortrivst.

– Det er veldig viktig for meg at de ikkje tilset meg berre fordi eg er dame

Marthine Myhr (27) er ny utrykkingsleiar i Bjørnafjorden brann og redning.

Publisert Sist oppdatert

– Eg seier jo «kvinneleg brannmann» fordi eg synest det høyrest kulast ut, men formelt er det «brannkonstabel». Eg har alltid hatt lyst til å bli det, og er veldig nøgd med den retninga eg har teke. Den har eg jobba hardt for, fortel Marthine Myhr.

27-åringen har no jobba hos Bjørnafjorden brann og redning i rundt sju veker, og stortrivst. Det var akkurat dette «vesle Marthine» ville bli når ho blei stor.

– Eg har tidlegare jobba litt rundt omkring som brannkonstabel, i ulike brannvesen, og vore i industrien som noko som heiter «leiar brann». Det er ein jobb som er ganske overførbar til dette, forklarer ho.

I tillegg til å ha jobba som brannkonstabel på Austlandet, har Myhr også vore på raffineriet på Mongstad. Den gongen pendla ho mellom Bergen og Mongstad. No har ho flytta eit steinkast unna brannstasjonen på Moberg. Det er nemleg eit krav om å bu innan fem minutt frå stasjonen på grunn av utrykking.

27-åringen er opphavleg frå Nordhordland.

Ein del av gjengen

Os & Fusaposten møter den nye utrykkingsleiaren i garasjen på brannstasjonen. Medan kamera og mikrofon blir tekne fram, haglar vitsane frå resten av kollegaene. Det er nemleg ikkje første gongen Myhr er i media, og ho har kome så godt inn i gjengen at vitsane og tullinga sit laust. Det set ho stor pris på.

– Eg føler at eg er ein del av gutane. Dei behandlar meg ikkje annleis berre fordi eg er dame, og det set eg veldig pris på. At det ikkje blir sånn «Marthine, ho er dame, så ho må vi behandla annleis og vera forsiktige med». Eg får min omgang, eg òg, seier ho og ler.

Berre sju prosent av dei som jobbar i brannvesenet i Noreg, er kvinner, ifølgje Myhr. Det er svært få per stasjon. Den nye utrykkingsleiaren i Bjørnafjorden er den einaste fast tilsette kvinna i operativ avdeling. Stasjonen har også kvinner i førebyggjande avdeling, i tillegg har kommunen to på deltid.

– Eg har alltid sagt at «det er veldig viktig for meg at de ikkje tilset meg berre fordi eg er dame». Då vil eg at dei skal kunna seia at eg var god på ulike testar, eller «der var du betre enn andre». At dei har eit argument for kvifor dei valde å tilsetja meg, forklarer ho.

Ho ønskjer altså ikkje å bli tilsett på grunn av kjønnet sitt, sjølv om ho er einig i at det trengst kvinner i brannvesenet. Kvinnene skal bli tilsette fordi dei er flinke, ikkje fordi dei er kvinner.

Ein gong i månaden har ho vakt som utrykkingsleiar på brannstasjonen. Då tek ho også med seg vakttelefonen heim, og følgjer med døgnet rundt.

«Korleis blir ein brannmann?»

I garasjen på brannstasjonen viser Marthine kva som skjer om alarmen går. Ein gong i månaden er ho utrykkingsleiar, og set seg då framme i brannbilen og tek styringa. Då er ho nærmast limt til vakttelefonen ho har festa i beltet.

Som utrykkingsleiar er Myhr ofte å sjå i passasjersetet framme i brannbilen.

– Vi har denne på oss heile tida, for det er her alarmen kjem. Når eg er ferdig på jobb halv fire, og har vakt heime, tek eg han med meg overalt. Viss han byrjar å pipa, må eg springa eller setja meg i bilen og køyra til stasjonen, forklarer ho.

Men vegen til Bjørnafjorden brann og redning har vore lang og dyr for 27-åringen. I dag går ein på brannskulen for å utdanna seg til å jobba i brannvesenet. Men for berre eit par år sidan var det ganske annleis.

– Det var ingen som kunne svara deg før på spørsmålet «korleis blir ein brannmann?», fordi det var så mange vegar inn. Då fann eg min eigen veg, og gjorde det eg trudde skulle til, seier ho.

Etter vidaregåande bestemte ho seg for å ta alle kursa ho trong, og betalte frå eiga lomme.

– Før var det gjerne sånn at ein søkte seg inn, og tok for eksempel lastebillappen for eiga rekning. Det same med utrykkingslappen. Ein prøvde rett og slett å ta det ein måtte ha. Det var slik eg gjorde det, legg ho til.

Skulle ho gjort det same igjen, ville ho ha starta med å ta fagbrev som tømrar.

Rekorden er på 117,5 kilo. Men på grunn av mangel på små vektskiver får ho ikkje løfta så tungt på brannstasjonen.

Verdsmeister

Ved sida av den fysiske jobben som brannkonstabe,l driv Myhr med styrkelyft på høgt nivå.

– 117,5 kilo er rekorden. Eg har vore skadd i tre år, og slite med ei skulder. Så det har vore litt av og på. No er eg endeleg heilt fin, og kan løfta tyngre vekter. Det blir veldig spennande til neste år med NM, EM og VM.

Dei gode prestasjonane er grunnen til at ho har vore å sjå i avisa fleire gonger heime i Nordhordland.

– Eg likar å løfta vekter, då, og har konkurrert i styrkelyft i 13 år. Til neste år har eg tiårsjubileum på landslaget i benkpress, så det er litt gøy, seier ho og legg til:

– Eg trenar både knebøy, benk og mark. Men det er benkpress eg konkurrerer i.

Ho startar roleg med oppvarming for ikkje å overbelasta skuldra igjen.

På styrkerommet på brannstasjonen byrjar 27-åringen svært forsiktig. Skaden i skuldra har halde henne unna toppen dei siste åra. No er ho endeleg på veg tilbake, og klar for å sanka fleire medaljar.

– I 2022 blei eg juniorverdsmeister i styrkelyft. Så har eg nokre tredjeplassar i EM og VM for juniorar, i tillegg til fleire NM-medaljar. Eg var også med i NM i år, og vann, fortel ho.

Ein er junior fram til ein fyller 24 år. På grunn av skaden har Myhr enno ikkje heilt fått prøvd seg i open klasse før no. Neste år kan derfor bli ekstra spennande for styrkelyftaren.

– No har det vore sånn i tre år at når eg har løfta tungt, så har eg fått vondt igjen. Det har vore eit tap. No er det ein siger i seg sjølv at eg lyftar utan å få vondt, og eg såg på deltakinga i EM og VM i år som ein siger i seg sjølv, legg ho til.

Powered by Labrador CMS