Eigedomen på 2,5 mål med både hytte, uthus og naust og med ein prisantydning på 1.350.000, lokka mange interessentar til Drangsneset.

Enorm interesse for fritidsbustad på Drange

Kring 100 personar kom på visning og åtte partar kjempa om å leggja inn det høgaste bodet.

Publisert

Meklar Jon-Olav Synnestvedt hadde ein travel dag på jobb då det dukka opp kring 100 personar på visning førre søndag.

Eigedomen på 2,5 mål med både hytte, uthus og naust og med ein prisantydning på 1.350.000, lokka mange interessentar til Drangsneset. 

Til slutt var det åtte bodgjevarar som kjempa om den populære eigedomen.

Bilete inni fritidsbustaden på Drangsneset.

Gjekk 800.000 over prisantydning

– Kanskje me prisa eigedomen for lågt, men me må sette ein pris ut ifrå tilstanden til bygningane, og det er mykje arbeid som må gjerast for å få dei i god stand. Det var ein eigedom som var vanskeleg å prisa, fortel Synnestvedt.

Kjøparen som tilslutt fekk tilslaget måtte ut med 2.150.000 for å sikra seg eigedomen og bygningane.

Kjøparane kjem frå Åsane, men har budd i Drange-området tidlegare. No har dei fått seg fritidsbustad 'i sitt gamle nabolag'.

Naustet som følgjer med eigedomen

Trass i dette salet, vil ikkje meklaren friskmelda fritidsbustad-marknaden som har vore litt trått i det siste. Han konstaterer at objekt på dette prisnivået er lettare å selja og at det er fleire kjøparar om beinet.

Synnestvedt hadde likevel ikkje venta seg ein slik respons for hytta og naustet som vart sett opp i 1963 og som treng solid oppgradering.

– Det vert fort kostbart å få bygningane i stand sjølv med god eigeninnsats. Det var mellom anna fuktskadar i taket på hytta, fortel meklaren.

Han fortel at både seljar og kjøpar er veldig nøgde med handelen.



Powered by Labrador CMS