Kasper Austevoll Haldorsen (8) er kjapt framme for å hjelpa Maria R. Nilsen med å partera den slakta sauen.

Kasper var først i køen: – Eg har vore med far min på jakt, så dette kan eg

På gardscampen på Bergstø gard får borna vera med på det meste. Tysdag var det tid for partering av ein vêr.

Publisert Sist oppdatert

Kasper Austevoll Haldorsen var ikkje vond å be då Maria R. Nilsen trong hjelp til å partera vêren. Medan resten av borna drog genseren over nasen, lét åtteåringen frå Øyane seg knapt affisera av det han såg, høyrde eller lukta.

– Eg har vore med far min på jakt sidan eg var fire år. Dette er heilt vanleg for meg, konstaterte den vesle sjarmøren. 

– Eg òg kan vera med, seier veslebror Mathias, medan fleire av dei andre i stallen på Bergstø gard rygga lengre og lengre bak.

– Urg. Det lukter ekkelt, seier dei fast medan dei berre heldt augene over genseren.

– Me har budd i området i alle år og synest det er supert at born og unge er aktive på garden her no, skryter ektparet Nilsen.

Stort lokalt engasjement

Det er berre gått litt over eitt år sidan Ungdom i Aktivitet overtok den gamle garden på Bergstø. Likevel er plassen knapt til å kjenna att.

Dagleg leiar Maria R. Nilsen er stolt over det dei har fått til.

– Me har gjort ei stor opprydding, hogd bort store mengder tre, busk<r og kratt og opna opp tunet. Me held på å byggja ut stallen, har fått gjerda inn område til dyra og til og med fått på plass ein eigen rubbhall med traktor i, fortel ho stolt.

Rubbhall med traktor er på plass på tunet.

Ho er klar på at det har kravd stor dugnadsinnsats.

– Engasjementet er stort! Seinast i helga kom 10-12 stykk på dugnad utan at det var planlagt på førehand, fortel ho.

Også når det kjem til samarbeid og engasjement frå nærområdet, er ho full av lovord.

– Me er blitt fantastisk tekne i mot og me har berre fått støtte og ros frå alle. Det verkar som folk liker tiltaket og det me står for, konstaterer Nilsen.

Ekteparet Nilsen har budd i området i ein mannsalder. Dei synest det som skjer på garden er heilt supert.

– Det er så koseleg å sjå born og unge styra på med dyra og andre aktivitetar. Dette er berre positivt, skryter dei.

Adelen Tveit Mjømen (t.h.) har jobba på garden i eitt år. Å stella hestane er det desidert kjekkaste, synest Adelen.

Ungdomelege ressursar

Etter sommarferien starta UiA med tilbod etter skuletid. Alt no er dei oppe i kring 50 born som kjem fast to dagar i veka. 

– Me har også ei rekkje unge som bidreg på garden og får løn for innsatsen, fortel ho.

Ei av dei er 13 år gamle Adelen Tveit Mjømen. Ho har jobba som gardsjente i eitt år.

– Eg bidreg der det trengst. Matar og steller hestane, hønene og sauene og mykje forskjellig. Det kjekkaste er å vera med hestane. det minst kjekke er møkkinga, ler ho.

Mina Smedsvik Ølness (12) er instruktør og leier hesten som Annabelle Malo Bieske (9) sit på.

Men det krevst stor innsats for å halda garden i drift og ta seg av det daglege stellet. I løpet av kort tid har dei fått inn ni hestar, 18 sauer og hundrevis av høns.

Tysdag var det full flaum på marka ved vatnet. Då var det heilt på sin plass å testa SUP-brettet.

Adelen er ikkje den einaste ungdomen som jobbar på garden. Under gardscampen denne veka er opp mot 15 andre i aksjon for å leggja til rette, og det er mange ungdomar som bidreg også utover ettermiddagen med kveldsstell av dyra på garden.

Skjermfri haustcamp

Kring 20 born fann vegen til gardscampen på Bergstø i haustferien. Dagane på garden var allsidige. Då Os & Fusaposten var innom, var det som nemnd partering av ein sau. Tidlegare på dagen hadde dei bålkos ute, hobbyaktivitetar inne og stell av dyra.

– Me har mange flinke ungdomar, så borna får god oppfølging, fortel Nilsen.

Elise Haga Dybfest (12) i lag med Sara Helland Holmefjord (8).

Ho understrekar at dei har stort fokus på at borna skal vera mykje ute, uavhengig av vêr og vind.

– Det er skjermfri veke. Då må me ut og finna på ting. I går var det så høg vasstand i Hetleflotvatnet at borna kunne stå på SUP-brett der teltet vårt står. Det var heilt absurde scener, humrar ho.

Turvegen ned til vatnet er no blitt ein solid grusveg.

– Kommunen skulle leggja røyr her, så då lagde dei veg med det same. Det er blitt ein flott tilkomstveg, med ein liten ridebane nedst, fortel ho.

Synne på ryggen til Maria R. Nilsen i det dei banar seg veg blant alle hønene.

Egg til den store gullmedaljen

Vel oppe på tunet igjen er jentene i full gang med å vaska og stella nokre av hestane, medan Synne Jetmundsen Holmedal vil vera med Maria når ho skal mata nokre av hønene.

7-åringen sit trygt på ryggen til Maria, medan den daglege leiaren banar seg veg inn og gjennom flokken.

– Kor mange høns har de?

– Me har kring 400, så det er litt å passa på, konstaterer matmor.

Noko mat får dei også tilbake. Ikkje mindre enn 350 egg, kvar einaste dag. Det byrjar for alvor å likna skikkeleg gardsdrift på Bergstø gard.

Powered by Labrador CMS