Marius Mikkelsen skåra eit av måla i 3-0-sigeren over Øystese på Kuventræ i dag. (Arkiv
Marius Mikkelsen skåra eit av måla i 3-0-sigeren over Øystese på Kuventræ i dag. (Arkiv

Best frå start til slutt

Os tok seg greitt av Øystese heime på Kuventræ i dag. Heimelaget vann 3-0, men sigeren kunne fort blitt større.

Steffen Ljosheim gav heimelaget leiinga i første omgang med eit langskot. Stillinga stod seg til pause. Os køyrde på også etter kvilen. To kjappe mål, eit signert Adrian Valle etter ein corner, og eit frå Marius Mikkelsen etter ein keepertabbe, gjorde oppgåva svært tøff for Øystese som aldri klarte å svara.

Debut for Ole Martin Kolskogen

Os-trenar Hassan El Fakiri er nøgd med sigeren, men han meiner det var eitt hakk ned kvalitetsmessig frå førre kamp.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi har litt dårleg balltempo i dag, og er ikkje heilt der vi skal vera kvalitetsmessig. Vi har ein del balltap og slår mykje på førstebevegelser. Det er eg ikkje heilt nøgd med. Men vi har kontroll på kampen, og det er mykje positivt å ta med seg vidare, seier El Fakiri.

Konrad Skogen fekk sin debut for Os i dag. Det gjorde også osingen Ole Martin Kolskogen.

- Begge klarte seg bra. Ole Martin har mange smarte bevegelser, og kjem til tre eller fire sjansar om ikkje eg tek heilt feil. Det er berre marginar som gjer at han ikkje skårar, seier El Fakiri.

Neste kamp for Os er borte mot Brann 2 neste måndag.