Osingane Kjartan Hagevik og Torkel Hjertnes har kjøpt seg Frankrike-drakter til finalen, og dei melder om god stemning i gata før kampstart om ein knapp time.
Osingane Kjartan Hagevik og Torkel Hjertnes har kjøpt seg Frankrike-drakter til finalen, og dei melder om god stemning i gata før kampstart om ein knapp time.

- Det kostar å vera kar

Torkel Hjertnes er attende i EM i Frankrike etter nokre dagar på Tysnesfest. - Det er blitt ein dyr sommar etter kvart, men det har absolutt vore verdt det, seier Os-kapteinen.

Dyre finalebilletter

- Billettprisane har variert frå 850 kroner og oppover alt etter kva kategori vi har hatt, men klart finalebillettane kosta ein del. Vi kunne lett selt dei for mange tusen kroner her nede, men dette er ei oppleving vi ikkje vil gå glipp av, seier Hjertnes.

Norske prisar

Os-kapteinen fortel at det med kampbillettar, fly og hotell, har gått med 20.000 kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg har ærleg talt ikkje oversikt over kor mykje pengar eg har brukt så langt i sommar. Frankrike er i tillegg eit dyrt land i forhold til Polen og Brasil, kor eg har vore tilskodar under meisterskap tidlegare. Det er norske prisar på øl og mat, og vi har nettopp kjøpt oss drakter til 140 euro. Det kostar å vera kar, seier Hjertnes.

Har byta reisefølgje

Så langt har Hjertnes fått med seg to spanande kampar live i Frankrike. Han var på tribunen saman med ein kompisgjeng frå Os då Island slo ut England, og då Portugal sendte Polen ut etter straffekonkurranse i kvartfinalen. Om kort tid ventar finalen mellom Frankrike og Portugal.

- Eg har byta reisefølgje sidan sist. No reiser eg med Kjartan Hagevik. Då eg prøvde å skaffa billettar fekk eg berre tak i to. Vi har også møtt osing Vegard Engelsen Moberg her nede. Han skal sjå kampen i «fan-zone».

- Tysnesfest er fantastisk

At Hjertnes valte å reisa heim frå Frankrike førre fredag, er fordi det hadde blitt for dyrt å bu der ei veke ekstra, og ikkje minst grunna Tysnesfest.

- Tysnesfest er ein viktig del av sommaren. Det er viktig å få med seg så mykje av denne festivalen som mogleg, seier Hjertnes og held fram:

- Tysnesfest leverte i år igjen. God stemning på dagtid, mykje folk og ein god lineup. Det er fantastisk kor bra dei har klart å få det på Tysnes.

Håpar på vertsnasjonen

Hjertnes og Hagevik trur og håpar på Frankrike-siger i kveld.

- Det er perfekt med Frankrike i finalen. Dei er absolutt verdige finalistar. Portugal har ikkje imponert nemneverdig. Det blir nok ein spanande kamp. Tipset vårt er 2-0 til vertane, seier Hjernes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Denne meisterskapen er Hjertnes´ fjerde frå tribuneplass, medan Hagevik har fått med seg tre. For begge to er dagens kamp den største dei har vore på.

- Fransk siger i dag gjer det nok rimeleg sjukt i kveld, seier dei to.