Skåringar av Rafael Villen, Marius Mikkelsen og Fabian Bødtker var ikkje nok til å vinna over Sandviken søndag.
Skåringar av Rafael Villen, Marius Mikkelsen og Fabian Bødtker var ikkje nok til å vinna over Sandviken søndag.

– Ein kamp til å læra av

Med to minutt igen å spela leidde Os 3-1. Likvel vart det uavgjort mot Sandviken.

– Det vart ein spesiell kamp mot Sandviken. Første 40 minutta var me veldig gode og leidde fortent 2-0, men etter at Sandviken fekk reduseringa like før pause, vart det jamnare enn det hadde trunge å bli, seier assistentrenar i Os, Frode Steffensen.

Sidan han vart med i trenarteamet har han fått med seg tre sigrar og no altså, ein uavgjort. Inntrykket han sit igjen med er at dei gul-svarte framleis har litt å læra.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me spelte bra og jobba godt, men me kan endå bli meir kynsiske og kloke i vala mot slutten av kampane, seier Steffensen.

Han er likevel rask med å leggja til:

– Men for all del, Sandviken oste vilje mot slutten og var gode, seier han.

Tøffe tak

Os gjekk opp i leiinga 3-1 etter skåring av Fabien Bødtker. Då viste klokka 89 minutt.

– Grunna drikkepausar og slikt, var det nok litt lengre att å spela enn vanleg, men uansett burde me sjølvsagt fått rydda unna dei siste minutta og vunne kampen, seier Steffensen.

3-2-reduseringa kom etter brot på eine sida. 3-3-målet kom etter fire hjørnespark på rad i sluttminutta.

– Me fekk dessverre ikkje rydda unna. Det var den dagen då me ikkje hadde marginane med oss, beklagar Steffensen.

Os leier framleis 4. divisjon avdeling 01, men Fyllingsdalen har ein kamp mindre spelt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Neste kamp for Os er heime mot Telavåg komande fredag.

Os sine to første mål vart skåra av Rafael Villen og Marikus Mikkelsen.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no