Ei veke etter at Anders Mol og Christian Sørum gjekk til topps i Major-turneringa i Sveits, sikra dei seg gull i Europameisterskapen i Sveits.
Ei veke etter at Anders Mol og Christian Sørum gjekk til topps i Major-turneringa i Sveits, sikra dei seg gull i Europameisterskapen i Sveits.

EM-gull til Mol og Sørum

Suksessen til Anders Mol og Chrsitain Sørum held fram. Søndag sikra sandvolleyballduoen Noregs første EM-gull på 21 år.

Søndag kveld vart Anders Mol frå Strandvik i Fusa og makkeren hans Christian Sørum historiske. Då var det 21 år sidan sist Noreg gjekk til topps i Europameisterskapen i sandvolleyball. Den gongen var det Vegard Høidalen og Jørre Kjemperud som stod øvst på pallen.

Mol og Sørum slo Latvia 2–0 i finalen. Settsifra 21–19 og 21–13 vitnar om at den norske duoen hadde god kontroll på motstandarane Janis Smedins og Aleksanders Samoilovs frå tidleg i kampen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei to siste vekene har vore fantastiske for oss. Vi har spelt veldig bra volleyball. I finalen mot Latvia visste vi at dei var veldig gode. Vi måtte spele best mogleg for å slå dei, sa Sørum til arrangøren då sigeren var eit faktum.

Mol og Sørum kvalifiserte seg til søndagens finale ved å vinna 2–0 over Spanias Herrera/Gavira i semifinalen. Det var det same laget dei vann mot i finalen i Major-turneringa i Sveits førre helg.

EM-finalen var den 12. strake sigeren til sandvolleyballduoen.

Christian Sørum og Anders Mol van 2–0 over Latvia i finalen i Den Haag.
Christian Sørum og Anders Mol van 2–0 over Latvia i finalen i Den Haag.