Martin Femsteinevik gjekk to gode løp på Sjusjøen og fekk med det draumen oppfylt om å få vera med på E-cup-laget frå starten av sesongen av.
Martin Femsteinevik gjekk to gode løp på Sjusjøen og fekk med det draumen oppfylt om å få vera med på E-cup-laget frå starten av sesongen av.

Gjekk seg rett inn på E-cup-laget

Målet for sesongen er å få gå flest mogleg E-cup-renn. Med innsatsen på Sjusjøen i helga er Martin Femsteinevik alt inne i det gode selskap.

For 21-åringen frå Hålandsdal IL fekk ein kanonstart på sesongen med innsatsen på Sjusjøen i helga. Førsteårssenioren fekk det verkeleg til å stemma på sprint-distansen laurdag. Trass i to bom (1-1) vart Hålandsdal-løparen tredje beste norske løpar, med niandeplass i samandraget.

- Det var eit rimeleg sterkt startfelt på Sjusjøen denne helga. I tillegg til den norske eliten deltok samtlege av dei beste franskmenna og tyskerane. Totalt trur eg det var boritimot 40 V-cup-løparar i aksjon, fortel Femsteinevik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sterkare på alle vis

På søndag gjekk 21-åringen frå Hatlestrand inn til ein 21. plass på fellesstarten. Også den prestasjonen seier Hatlestrand-guten seg svært så nøgd med.

- Eg var kanskje ikkje fullt så rå i sporet som på laurdagen, men alt i alt - med totalt fire bom (0-2-1-1) - må eg seie at 21. plass i dette selskapet er bra, oppsummerer Femsteinevik.

På fellesstarten hadde han kring to minutt dårlegare langrennstid enn Tarjei Bøe. På sprinten var han berre kring minuttet bak same mann.

Bjarte Solvang vart uheldig med tilhøva på skytinga under sprinten. På fellesstarten gjekk han eit bra løp og enda som nummer 11 i B-heatet.
Bjarte Solvang vart uheldig med tilhøva på skytinga under sprinten. På fellesstarten gjekk han eit bra løp og enda som nummer 11 i B-heatet.

- Det er kjekt å sjå at eg nærmar meg dei aller beste. Eg har trena svært godt i sommar og har for ein gong skuld ikkje vore sjuk eller blitt ramma av andre kjedelege avbrekk, seier Femsteinevik, som i fjor på denne tida måtte gjennom ein hjarteoperasjon.

- Det var noko arvelege greiar.Det var kjedeleg då det stod på, men operasjonen gjekk fint, og sidan den gong har eg vore heilt frisk på alle moglege måter, seier han.

Til Sverige

Med innsatsen på Lillehammer vert det altså tur til årets første E-cup. Runden går av stabelen i svenske Idre alt komande helg.

- Hovudmålet for sesongen er få gått flest mogleg IBU-renn, altså det me kallar E-cup-renn. Det er på dette nivået det er realistisk å venta at eg skal hevda meg i år. Dersom eg i tillegg skulle få høve til å gå eit V-cup-renn eller to, tek eg det som ein gedigen hyggjeleg bonus, humrar Femsteinevik.

- Men heilt urealistisk er det ikkje?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Neida, me har seks norske plassar i V-cupen, så sjansen er der. Men no i starten av sesongen er det elitegutane som legg beslagg på desse plassane. Så får me heller sjå om ikkje eg via god innsats i E-cupen, kan få høve til å prøva meg eit stykke ut i sesongen, seier han.

God fellesstar

Bjarte Solvang var også i aksjon under sesongopninga på Sjusjøen. Fusingen hang rimeleg bra med på sprinten, men fekk mykje vind på ståande og drog dermed på seg tre rundar. Han gjekk dermed inn til ein litt skuffande 54. plass. På fellesstarten gjekk det betre for Bjarte.

- Grunna den litt svake plasseringa på laurdag måtte Bjarte gå i B-gruppa på søndag, men der gjorde han eit godt løp. Han skaut fire bom som meg, men hadde bra fart i sporet og enda oppsom nummer 11, fortel Femsteinevik.

Også eit par av juniorane frå Hålandsdal IL var i aksjon. Best gjekk det for Ragnhild Femsteinevik. Ho skaut to fulle hus på sprinten og vart med det nummer 41.