Arne-Richard Stadaas og sonen Mads på treningstur i Alpes d´Huez. Den sykkelglade familien skulle eigentleg ha arrangert sykkelritt på Vinnes i helga, men for få påmelde gjer at dei må gjera om på planane.
Arne-Richard Stadaas og sonen Mads på treningstur i Alpes d´Huez. Den sykkelglade familien skulle eigentleg ha arrangert sykkelritt på Vinnes i helga, men for få påmelde gjer at dei må gjera om på planane.

Gjer om på sykkelrittplanane

Minimumsgrensa på 30 deltakarar vart ikkje nådd. Dermed vert det ingen Vinnestempoen på søndag.

Søndag skulle Eikhaugen Gjestegard, i samarbeid med Sport Norge, ha arrangert sykkelrittet Vinnestempoen for aller første gong. Då fristen for å melda seg på gjekk ut tysdag kveld, var det berre kring ti syklistar som hadde meldt si interesse.

– Vi hadde lagt opp til eit profesjonelt ritt med premieseremoni, matservering og full pakke. Kostnadene knytt til alt frå kursing av vakter og funksjonærer til premiering er store når du følgjer ein profesjonell mal. Difor hadde vi sett ei minimumsgrense på 30 deltakarar, seier initiativtakar til rittet, Arne-Richard Stadaas.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vil prøva på nytt

Fusingen har ingen planar om å gje opp sykkelrittplanane sjølv om søndagens ritt ikkje gjekk heilt slik han hadde tenkt.

– Nei, vi brenner for dette og synest det er stas, seier han og legg til:

– Det hadde sjølvsagt vore endå kjekkare om litt fleire hadde delt engasjementet vårt, men mai er ei travel tid med mange konfirmasjonar. Til helga er det dessutan 3/4/7-fjellstur i Bergen og sykkellritt i både Tønsberg og Nordhordland. Det skjer noko kvar helg.

Kanskje vert det sykkelritt på Vinnes alt til sommaren. Då vert det i så fall eit lågterskeltiilbod der alle som vil kan delta.

– Vi prøver gjerne på nytt. Om vi finn ei helg i fellesferien som passar, kan det verta aktuelt å arrangera eit familieritt på skjerma vegar, påpeikar Stadaas.

camilla.kvamme@osogfusa.no