Hålandsdølar med god innsats i Strandebarm

Ein brei kontingent deltakarar frå Hålandsdalen gjer det godt i Vinterkarusellen i Strandebarm.

Vinterkarusellen er ein løpskarusell med åtte løp som vert arrangert tredjekvar tysdag, gjennom heile vinteren.

- Løypa er på 4 km, og dette er mosjonsløp som høver for alle uansett alder, nivå og ambisjonar. Det er trim og mosjon som står i fokus. Mange ruslar gjennom løypa, gjerne saman med born. Samstundes er det gode mogelegheiter for folk som vil springa fort, fortel Johannes Skogseide Børsheim i friidrettsgruppa i Strandebarm IL.

Artikkelen held fram under annonsen.

Poirée raskast

Tysdag gjekk det andre løpet av stabelen. 86 deltakarar deltok. Unge Emma Skjelbreid Poirée var raskast av kvinnene, som ho også var i det fyrste løpet i vinterkarusellen. Bak følgde Elin Rød, også ho frå Hålandsdalen.

- Blant mennene sette løpsveteranen Ova Måge frå Strandebarm ny personleg rekord denne novemberkvelden, med 14,58. Fjerde mann over målstreken var Bjarte Rød på 15,11. Her var m.a. Thomas og Andreas Aarseth langt framme. Pensjonisten Ingvard Nordtveit frå Baldersheim har vore trufast deltakar på karusellen i fleire år. Han gjorde eit nytt fint løp denne tysdagskvelden, fortel Børsheim.

Hålandsdalen har stilt med ein mengd deltakarar, både born og vaksne, på karuselløpa til no.

Neste løp er tysdag 24. november. Start og mål er ved Strandebarm Idrettspark. Siste løpet er 8. mars. Då vert det både premieutdelingar og trekking av gåvepremiar.