Fredrik Heggland bestod torsdag den medisinske testen og er no klar for Åsane Fotball. Osingen har kontrakt me laget frå Myrdal gress til sommaren 2018.
Fredrik Heggland bestod torsdag den medisinske testen og er no klar for Åsane Fotball. Osingen har kontrakt me laget frå Myrdal gress til sommaren 2018.

Heggland klar for Åsane

Torsdag kveld gjennomførte Fredrik Heggland den medisinske testen og er no klar for Åsane.

21-åringen blir dermed gjennforeina med sin tidlegare Os-kompis frå Brann-tida, Simen Lassen.

- Det blir kjekt å spela med Simen igjen, og det blir kjekt å starta på nokon nytt. Slik situasjonen var i Brann, er dette ein kjempefin løysing. Eg gler meg til ta fatt på tida som Åsane-spelar, seier Fredrik Heggland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han har skrive kontrakt med klubben med heimebane på Myrdal gress til sommaren 2018.

Speletid viktigast

Osingen trena med Åsane på nyåret. Sidan var han i Brann nokre veker, før ein permanent overgang til oransje-trøyane etter kvart vart meir og meir aktuell.

- I hovudsak handlar dette om ønskje om å få spela mest mogleg. Slik situasjonen var i Brann, såg det ikkje ut til at det ville bli for mykje av det. I alle fall ikkje for A-laget, seier Heggland.

Fredrik Heggland og Simen Lassen har spetl i lag i både Os og Brann. Denne sesongen skal dei spela saman i Åsane.
Fredrik Heggland og Simen Lassen har spetl i lag i både Os og Brann. Denne sesongen skal dei spela saman i Åsane.

Sjølv om Fredrik Pallesen Knudsen tidlegare i vinter gjekk til Haugesund, opplevde Fredrik at vegen fram til spel for raudtrøyane var altfor lang.

- Dei signala eg fekk gav ikkje mykje håp om spel med det første. Dermed syntes tilbodet om å spela med Åsane meir og meir freistande, seier han.

Prioritert som midtstoppar

Dei siste vekene har han berre gått og venta på at overgangen skulle gå i boks.

- Det var litt forhandlingar mellom klubbane, men no var dei heldigvis samd.

I Åsane ser han for seg å spela mykje.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dei har sagt at dei vil satsa på meg som midtstoppar. Hovudgrunnen til at eg skiftar klubb er å få spela mykje. Det er det viktigaste i karrieren min no. Eg har også spelt inn til dei at eg kan spela back om naudsynt, seier Heggland.

Sogne-tur

Om alt går som Fredrik håpar får han debuten i helga.

- Det går slag i slag. I morgon reiser me på tur til Sogn og Fjordane for å spela to treningskampar. Først mot Florø fredag, deretter mot Sogndal på søndag. Truleg får eg spela litt i begge kampane, seier Heggland.