
Hevdar seg i verdstoppen trass i alvorleg hjartefeil
Kristine kan ikkje ha over 150 i puls meir enn eit par gonger i veka. Likevel er ho i ferd med å nå semifinalen i The CrossFit Open 2025.
Trass i ein arveleg alvorleg hjartefeil, har Kristine Aakre trena hardt og godt sidan ho var 14 år gamal. I dag er Aakre, som eig og driv CrossFit Øyro i lag med ektemann Tim Herland, blitt 40 år. Ho meiner sjølv ho aldri har vore betre trent.
– Å trena kontinuerleg, jamt og godt over tid, byggjer deg opp. Eg er betre trent i dag enn eg var som 30-åring, trass i at eg trener mindre med høg intensitet. Mengde, smartness og tolmod er nøkkelen, slår Aakre fast.

Alvorleg konsekvens
Grunna hjartefeilen må Kristine kvart år inn til full sjekk på Haukeland Universitetssjukehus.
– Då får eg anten grønt kort og lov til å køyra på, eller så ber dei meg ta det veldig roleg. I fjor måtte eg setja bremsene på og vera forsiktig. No har eg fått lov til å køyra på, men eg får ikkje lov til ha meir enn 150 i puls meir enn eit par gonger i veka, fortel Aakre.
– Kva er konsekvensen om ikkje du følgjer legens råd?
– Eg har ein feil som rett og slett kan forårsaka hjartestans. Mor mi har same feil. Ho har fått operert inn hjartestartar.
– Korleis kan du vera crossfit-utøvar og ikkje gå over 150 i puls meir enn to gonger i veka?
– Hehe, sei det. Nei, då må du trena alternativt og klokt. Du kan ha framgang sjølv om du ikkje er oppe i makspuls. Rett mengde og passe varigheit på øktene gjev også framgang om du har god kontinuitet, fortel Kristine.
– Ho er heilt rå på dette! Ho har erfaring og veit nett korleis ho skal pusha denne grensa, skryter ektemannen.
Han er trygg på at ho ikkje pushar seg for mykje.
– Ho går fast til kontroll, så me er trygge. Dessutan har me hjartestartar på huset, men eg trur ikkje me kjem dit, seier Herland.
Dei to prosent beste til semi'en
I desse dagar er Aakre, i lag med kring 20 andre medlemer i Osøyro Crossfit, i aksjon i Crossfit open. Dette er ein konkurranse som går over heile verda og varer i tre veker. Totalt er nær 100.000 utøvarar med.
Kvar deltakar gjer konkurransen og øvingane i sitt eige crossfit-studio, eller i sin eigen «crossfit box», som utøvarane kallar det.
– Korleis kan du då få verifisert at folk ikkje juksar?
– Me kontrollerer kvarandre, i tillegg blir øvingane filma og blir lagt ved når du sender inn resultatet på nettsida, forklarer Kristine.
Når me besøkjer ho tysdag denne veka, er to tredelar av øvingane unnagjort.
– Me får nye utfordringar kvar torsdag. Komande torsdag får me dei siste øvingane me skal gjennomføra.
Den første veka handla øvingane om kondisjon. I veka etter var det øvingar som tok utgangspunkt i fart og teknikk. På torsdag ventar deltakarane å få øvingar som går på styrke.
– Då må eg leggja meg i selen og gjera unna øvingane fort. Tim og eg skal nemleg i bryllaup i Flom på laurdag, så eg må gjera øvingane fredag og laurdag føremiddag. Alt står og fell på at eg fullfører bra, så eg må verkeleg ha fullt fokus på avslutningsøvingane, slår Kristine fast.

Nærmar seg draumemålet
Men trass i sine medisinske avgrensingar står ikkje Aakre tilbake for nokon når det kjem til å prestera på høgt nivå. Heller tvert imot. I masterklassen for kvinner mellom 40–44 år utmerkar ho seg.
– Etter den første veka låg eg på førsteplass verda over. No er eg på femte, men i Europa ligg eg framleis på topp, fortel ho
Då er det kanskje ikkje så mange deltakarar i hennar klasse, tenkjer du kanskje. Men det er det - 15.000 på verdsbasis og 3.000 berre i Europa.
Med desse resultata nærmar Aakre seg det som har vore draumemålet sidan ho starta med crossfit.
– Det er å koma seg til Crossfit Games i USA. Skal eg nå dit, må eg først kvalifisera meg for semifinalen i Europa, men den plassen meiner eg er innafor rekkevidde.
For å koma dit må ho inn blant dei 200 beste. Per no er ho altså i leiinga.
For å koma vidare til finalen i USA, må ho bli blant dei 40 beste semi'en i sin klasse.

God veninne og hare
Når me er innom treningsstudioet på Osøyro tysdag, trenar Aakre i lag med Maren Engevik (32). Også ho er med i konkurransen, men ho drøymer ikkje om å koma seg til finalen i USA.
– Eg er i mammapermisjon for tida og kan ikkje reisa til USA. Eg er med på dette først og fremst fordi eg liker å trena med Kristine, og så er eg litt hare for ho, slik at ho presterer godt i øvingane, fortel Engevik.
Aakre har ei god magekjensla før siste runde.
– Eg trur eg skal gjera meg veldig bort om ikkje eg skal nå semifinalen. Deretter både trur og håpar eg at eg har bra sjanse til å koma gjennom nålauget. Me skulle eigentleg ikkje til USA før neste år, tenkte me, men om eg kjem til Crossfit Games, må me sjølvsagt berre reisa, smiler ho.