Karl Kvile (t.h.) skal ikkje leia Os vidare.
Karl Kvile (t.h.) skal ikkje leia Os vidare.

Karl Kvile trer til side

Karl Kvile er ikkje lenger trenar for Os sitt A-lag. – Vi er samde om at vi er ueinige om ein del ting. Då trer eg til side, seier Kvile.

Vidare fortel Kvile at dette ikkje er noko han har tenkt på lenge.

– Det har dukka opp informasjon dei siste dagene om at spelargruppa har vore delt. Eg har ansvaret for ei prestasjonsgruppe, og eg må ha full støtte for at vi skal kunna dra i same retning. Det er ikkje tilfellet no, og då vel eg å tre til side, seier Kvile og legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har hatt kjensla av at ting har vore bra. Då vi fann ut korleis situasjonen var, er dette det einaste rette å gjera. Eg har ikkje noko vondt å seia om klubben eller spelarane. Eg ønskjer dei lukke til, og håpar at dei klarer å ta opprykket. Os er ein flott klubb på mange måter og det er mange kjekke folk her. Vi skilst som venar, seier Kvile.

Det har ikkje lukkast Os & Fusaposten å få kontakt med leiar for sportsleg utval, Jan Frode Skeie onsdag kveld.