Vi følger opprykkskampen:
2-1: Henrik Sperrevik sender Os i leiinga igjen!
Os tek imot Haugesunds-laget Djerv 1919 på Kuventræ. Det står om opprykk til andre divisjon.
Vi oppdaterer undervegs
Kl. 13.51: Gult kort til Djervs Hallstensen.
Kl. 13.47: Publikum reiser seg. Har opprykksfeiringa allereie begynt?
Kl. 13.46: Mathias Sivertsen kåra til Dagens Osing. Os sender Henrik Sperrevik ut, og Jason Buan inn.
Kl. 13.42: Gult kort til Djerv-keeper Bråtveit.
Kl. 13.40: 2-1! Henrik Tysse Sperrevik sender Os i leiinga igjen. Tribuna eksploderer.
Kl. 13.37: Os sender Kvalvågnes og Rysjedal ut, inn med Adrian Amdam og Eirik Kjørsvik.
Kl. 13.36: Kampen bølgjer, og Djerv pressar stadig meir desperat. Djerv gjer eit byte, inn med Dialo Agano.
Kl. 13.28: Os gjer eit byte. Kristoffer Røttingen ut, Andreas Frøhaug inn.
Kl. 13.24: Ny advarsel til Os-spelar Rysjedal.
Kl. 13.14: Fredrik Strønen Skeie får gult kort. Det er det fjerde gule kortet på 10 minutt. Også Djerv-trener Rasmussen og Os-spelar Omdahl har fått kvar sine. Det er tydeleg høgare temperatur på bana enn i 1. omgang. Begge lag har alt å spele for. Noko som viser.
Kl. 13.10: 1-1 ved Djervs Thomas Halstensen.
Kl. 13.09: Djervs Solberg med skot på mål, redda av Melnicenko.
Kl. 13.07: Gult kort til Djervs Ødegård for felling av Plätzer.
Kl. 13.02: Temperatur og knuffing. Kvalvågnes kranglar med dommaren etter eit frispark for Djerv 1919.
Kl. 13.00: Avspark 2. omgang.
Pause etter 1. omgang
Kl. 12.45: Pause med 1-0 til Os.
Kl. 12.41: Djervs Thor Ødegård prøver seg med skot på mål. Det går høgt over og ut av bana.
Kl. 12.37: Robin Vindenes åleine med keeper etter ein pasning frå Daniel Kvalvågnes. Skyt høgt over mål.
Kl.12.28: Eirik Rysjedal med ein kjempeprestasjon i det han går med ballen over heile banen. Blir felt av Djervs Vebjørn Rullestad like utanfor 16-meteren. Gult kort til Rullestad og frispark til Os. Ikkje mål, men får eit hjørnespark. Heller ikkje dette blir mål.
Kl. 12.18: 1-0 til Os! Målskårar Mathias Sivertsen.
Kl. 12.14: Os heilt klart i føringa no. Bølga går på trubuna under Tore Kleppes leiing.@
Kl. 12.06: Mathias Sivertsen med skot på mål som blir berga av Djerv-keeper Bråtveit.
Kl. 12.05: Kampen er igang. Så langt ingen store sjansar til nokon av laga.
Kl. 11.58: Os har gått inn på bana til full jubel. Ein ekstra rørande detalj; dei tre flaggbærarane er alle fedre til Os-spelarar.
Kl. 11.30: Oppvarminga er i gang ute på Kuventræ-grasmatta. Tribuna er for lengst full og på kortsida står publikum tett i tett bak gjerdet.
— For ein festdag. Sol og opprykkskamp. Og så er det full tribune allereie under oppvarminga. Det er ikkje daglegdags, seier Anne Strønen Skeie, ein av dei mange, mange frivillige som er i sving.