Tal eldre i kommunen er aukande, og kommunen vil at me skal bu lengst mogleg i eigen heim. Der skal ein bu trygt.

DEBATT

Planlegg heilskapleg, og ikkje sektorvis!

Pensjonistforbundet Bjørnafjorden er uroa for at responstida ved ein eventuell brann kan bli for lang på Fusa-sida av fjorden.

Tal eldre i kommunen er aukande, og kommunen vil at me skal bu lengst mogleg i eigen heim. Der skal ein bu trygt. Og det må gjelda i heile kommunen!

På nasjonalt plan har tal eldre over 80 år auka omlag 25 %, og utan å vita eksakte tal, er nok alderssamansettinga på Fusa-sida også aldrande.

Me eldre er ikkje lenger dei raskaste på foten, mange brukar rullator eller andre hjelpemiddel. Hørselen er kanskje heller ikkje slik den var. Det er ikkje like lett å koma seg ut når krisa oppstår. Og ikkje så raskt å slå alarm heller.

Dette er ting ein må ta med seg når ein vurderer organiseringa av brannvesenet.

Pensjonistforbundet Bjørnafjorden reknar med at kommunen tar med alle slike ting i planlegginga og implementeringa av: "Bu trygt lengst mogleg i eigen heim"-reforma.

Planlegginga må henga saman og ikkje bli oppdelt sektorvis!


Terje Hermansen

Leiar 

Pensjonistforbundet Bjørnafjorden 


Powered by Labrador CMS