DEBATT

Magemål - om bruvyer og tunnelsyn

Opp­rusting av dårlege vegar aust for Bjørnafjorden har dårlege utsikter når alt skal investerast i bru over fjorden – eit prosjekt som er både øko­nomisk og teknologisk problematisk.

Kanskje der må byggjast ‘built-in-bridge’ (inne­bygd bru) over det verharde havstykket – det kan ta mange år før båten ber.

Først då kan det, kanskje, lysne for veg­utbetring i indre strøk.

For utviklinga i Bjørnafjorden og inn­bygg­jarane hadde det kanskje vore nyttigare å snu prioriteringa og få samfunnsnytte også medan det vert arbeidd for å få flytebrua til å materialisere seg.

I mellom­tida kan trailersjåførane nytte pålagd kviletid til å la ferja frakta seg fram. Om 15-20 år vert det kanskje bompengar i staden for ferjebillett, og kviletid på rasteplass.

I Førde skal vegen mot sør, opp Halbrendslia, avløysast av 7-8 km tunnel frå Bruland til Store­haug sør for Langeland. Prosjektet hadde vel vorte realisert snøggare og billegare, og med større samfunnsnytte, om tunnelen gjekk berre til Reset (tungtafikk til slakte­­huset og annan industri) og vidare i dagen, eventuelt med korte tunnelar.  Ei innsparing kunne gått til andre føremål.

Ein skal ikkje byggja tunnel i utrengsmål – trafikkulukke og motor- eller batteribrann gjer redning vanskelegare, fører til større skade, dyr reparasjon, stenging i lang tid og trong for omkøyring.

Til lengre tunnel, til større risiko for slik hending. Hadde det ikkje vore meir trafikksikkert og snøggare å løysa flaskehalsane med korte tunnelar? Så kan noverande veg vera omkøyrings­veg ved stenging i éi av dei.

Vegen mellom Sandane og Re har hatt mange politiske visittar gjennom åra, særleg i val­kamptider, men ikkje eingong flaskehalsen i Gullkista er løyst.

Er storleiken på prosjektet i seg sjølv eit stengsel for fram­­drift? Vil det i lang tid berre vera til glede for dei som i mellom­tida vinn kampen om budsjettpengane?

På Sandane kom det store planar om forretningsbygg midt i fjordsynet. Det skulle tilføra kommunesenteret og kommunen aktivitet og vera god business.

No er prosjektet nedskalert og det kan sjå ut for at det meir vert kommunen (kommunestyret) som skal løysa problem for utbyggjarkonsortiet.

Må det rom­slege sentrum på Sandane tilførast eit problembygg for å sikra konsortiet profitt, var det eit luftslott frå starten? Kven skal tena/tapa i framhaldet?

Kan henda haddet det vore betre å ta pause, ta imot masse som no vert tilbode til utfylling i sjøen, og planleggja korleis det arealet skal utformast med bu- og for­retnings­bygg, varehus, djupvasskai m.m.

Så kan det noverande store vrimlearealet få vera der  - ein aveny med fjordutsikt i generasjonar. Dette aktivumet kan det vera ei kommunal oppgåve å ta ansvaret for å sikra.

Til og med kan parkeringa på Sandane vera gratis – snart eit særsyn – og god folkehelse, i alle fall for ein gamling som meg (for mange appar og innvikla betalings­remedier).

Kommuneøkonomi og ordførarløner

Ambisiøse ordførarar har ein tendens til å sanka seg andre ombod som gjev inntekt: Styre­verv, fylkestings­plass og alt som fylgjer med. Det er vel og bra, men dei inntektene bør gå direkte til kommune­kassa eller kommunen og gje tilsvarande frådrag i ordførarløna.

Det er ikkje ei offentleg opp­gåve å finansiera politikarar si private karrierebygging. Ordførarombod på full løn er spring­brett nok. Ein bygde­bokskrivar i Jølster sa frå seg den kommunale løna då han fekk alderstrygd – det var å halde magemål.

I Os stod ordføraren hardt på at han skulle ha alle slike godt­gjersler sjølv, og fekk støtte nok i kommunestyret til å få gjennomslag – frå dei same som i budsjetta struper tiltak som skal kome innbyggjarane til gode: Avvikla kreftkoordinator, avvikla arbeidstiltak for vanskelegstilt ungdom osv. Ei hugseliste å ha i mente når ombods­godt­gjersler er sak.

Ein ordførar kan også gå føra og justera ned den kommunale løna si når andre ombodsinntekter kjem til. Kanskje kommunestyret bør fastsetja nokre prinsipp no, lenge før neste valperiode.

I Førde, Sunnfjord kommune, spanderte kommunestyrefleirtalet full løn på ein vara­ord­førar som dei heldt for å vera framtidig ordførarkandidat. Ho hadde så mykje med seg frå fylkes­ordførar­ombodet som det var verdfullt for kommunen å få del i, nett­verk osv.

Ja, hadde ho noko som ho som varaordførar ikkje ville dela eller bruka med mindre ho fekk vera heiltids­politikar i ventetida?

Dette er offentleg finansiering av privat karrierebygging.  No har heil­dags­­stilling for vara­ordførar vorte tradisjon. Det same kommunestyret har hendene fulle med trong økonomi og innstrammings­tiltak. Dei nedunder skal yta under pisk og dei ovanpå må positivt stimulerast for å yta.

I Gloppen, som også har trong kommuneøkonomi, fann dei på noko anna: Ordførarombodet i heil stilling vart delt: Ein (hovud-)ordførar i 60% stilling og ein (vara-)ordførar i 40% stilling. Ei merkeleg, eller iallefall ei uvanleg ordning, som ser ut til å fungera, og som er billegare. Men ikkje noko å satsa på for levebrødspolitikarar.

K. Egge

Powered by Labrador CMS