Det vart ingen kamp for sandvolleyballduoen Christian Sørum og Anders Mol natt til fredag. Nordmennene vart tilkjent sigeren, då motstandarane frå USA trekte seg.
Det vart ingen kamp for sandvolleyballduoen Christian Sørum og Anders Mol natt til fredag. Nordmennene vart tilkjent sigeren, då motstandarane frå USA trekte seg.

Motstandarane trekte seg

Fredag skulle Anders Mol og Christian Sørum ha spela mot USA i ei firestjernersturnering i Tokyo. Men motstandarane trekte seg.

Dermed vert sandvolleyballduoen ført opp med 2-0-siger over dei amerikanske motstandarane, Nicholas Lucena og Philip Dalhausser.

Bergensavisen skriv at amerikanerane er oppført med skadeforfall i resultatlistene, men trenar for den norske duoen, Kåre Mol, seier til NTB at han ikkje veit kvifor USA meldte forfall.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er varmt og krevjande å spela. USA er vidare frå puljen, vi trur det er taktisk for å spara seg, skriv Mol i ein melding til NTB.

Torsdag vann Mol og Sørum 21-17 og 21-16 Tobias Winter og Julian Hori frå Østerrike, og 21-18 og 21-15 mot amerikanarane Theodore Brunner og Reid Priddy. Dermed var dei vidare frå gruppespelet før siste kamp, som etter planen skulle ha vore spela i natt, norsk tid.

Med 2-0-sigeren, som duoen vart tilkjent etter at USA trekte seg, vann Mol og Sørum gruppespelet med eitt poeng framføre dei overnemnte motstandarane.

Firestjernersturneringa i Tokyo vert avslutta med finalar på søndag.

camilla.kvamme@osogfusa.no