Avansement: Kan jubla for plass i kvartfinalen.

Nore Neset/Os J17 er klar for kvartfinale!

Slo tysk lag i straffespark-konkurranse.

Nore Neset/Os J17 2 vann 8-delsfinalen mot tyske Fortuna Dresden på straffespark-konkurranse.

No ventar kvartfinale mot Askøy eller Amasone Fotball i morgon, fredag, kl 12.30.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Os G19 marsjerer vidare etter dagens andre straffe-thriller
Les også
Begge Nore Neset/Os J17 sine lag er vidare til 8-delsfinalen

I gruppespelet enda dei på andreplass etter 2-2 mot Utleira, 1-0 mot Haugar og 4-0 mot Kvass/Ulvungen.

I finalespelet starta dei med 1-0 siger i 16-delsfinalen mot Malvik før sigeren mot Fortuna Dresden.

Nore Neset/Os J17 1 spelte også 8-delsfinale torsdag kveld, mot Utleira. Der hamna dei under 1-0 etter straffe i mot.

Det vart dessverre også sluttresultatet sjølv om Nore Neset/Os var det førande laget i store delar av kampen. Norway Cup-eventyret er dermed over for denne gongen.

Laget har likevel grunn til å jubla etter innsatsen i turneringa.

Nøgde: Sjølv om det vart stopp i 8-delsfinalen, kan spelarane uansett vera svært nøgd med innsatsen.