Heilt samde: Ordførar Trine Lindborg og Os-trenar Endre Brenne er heilt samde. Dei forstår ikkje argumentasjonen, og meiner at no må Helse- og omsorgsdepartementet og Kulturdepartementet opna for full aktivitet i breiddefotballen igjen.

Ordføraren meiner det blir feil at vaksenfotballen må venta: — Eg slit med å sjå logikken

Det er opna opp for at born kan trena og spela fotballkampar igjen. Men dei vaksne i breiddefotballen, får framleis ikkje lov. Det forstår ordførar Trine Lindborg lite av.

Onsdag ettermiddag var ordføraren på besøk på Kuventræ, der mellom 50—60 unge fotballentusiastar var samla for eit par dagar med fotball i ferien. Samstundes er det ikkje lov med organiserte treningar for vaksne, men uorganisert trening er det ikkje noko i vegen for.

— Det heng ikkje på greip. Eg forstår ikkje kvifor det er slik. Det er klart at vi må gjera det vi kan for å avgrensa smitte, men i fotballen er dei kome langt med smittevern og dessutan er det gode rutinar for registrering og rapportering av oppmøte i idretten. Det er på tide å opna for breiddefotballen for dei vaksne no, meiner Trine Lindborg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Os-trenar Endre Brenne har tidlegare lufta frustrasjon i sosiale medium. Han meiner at det er heilt hjelpelaust at ein skal kunna klemma kvarandre, hengja på nattklubb og drikka alkohol, gå på treningssenter, reisa til utlandet, sitja tett på bussen eller vitja strender der det er store mengde menneske — men fotball skal ein ikkje få lov til å spela.

— Nei, eg forstår det ikkje. Det er også eit godt poeng som Trine Lindborg kjem med. Vi har kome langt med innan smittevern og rapportering. Alt frå spelarar til lagleiarar og dommarar blir registrerte. På ein utestad er det ingen som blir registrerte. Som dei fleste veit, blir dømmekrafta monaleg svekkja etter seks halvliterar med øl og to drinkar, seier Brenne.

Fryktar for konsekvensane

Konsekvensen ved å halda stengd for aktivitet, meiner ordføraren er mange, både med tanke på økonomi i idrettslaga og med omsyn til folkehelse.

— Eg er redd for framtida til breiddefotballen. Det er nok mange lag som slit som følgje av denne situasjonen. Det kjem nok også til å bli eit stort fråfall av spelarar, seier Lindborg.

Brenne fortel at dei må trekkja eit gutelag på grunn av situasjonen som har vore, og at dei med seniorlaget Os 3, ikkje veit kor mange som står att når dei endeleg får lov til å starta opp att.

— Dei som spelar på Os 3 har gjerne eit par treningar i veka, og møter opp for å spela fotball. No er det berre lov med tilrettelagt øvingar, ikkje spel. Kor mange av desse trur du då vil møta til trening? Eg las også ein artikkel om nokre damelag i Nord-Noreg som trekte seg frå seriespel som følgje av at mange hadde gitt seg. Der var det snakk om fire eller fem lag. Det er nok mange andre lag som har gjort, eller kjem til å gjera det same.

Det neste møtet mellom Helse- og omsorgsdepartementet og Kulturdepartementet og Norges Fotballforbund er 10. august. Då skal dei på ny vurdera om ein skal opna for vaksenfotballen. Det er ikkje gitt at det blir gitt grønt lys då. Os-trenar Brenne, seier at ein snart må koma i gang, elles vil det ikkje bli rom for å gjennomføra noko sesong. Dessutan meiner Brenne at dei i breiddefotballen verkeleg har vore flinke til å ta del i dugnaden, og at dei no må få koma i gang med å spela. Det er ordføraren heilt samd i.

— Ingen av oss forstår argumentasjonen. Eg trur det er mange andre som slit med det også. Vi kjem til å masa vidare om denne saka, og gir oss ikkje med det første, seier Lindborg.