Greit med ein high five når Kari konkurrerer i golf for fyrste gong på 25 år.
Greit med ein high five når Kari konkurrerer i golf for fyrste gong på 25 år.

Par under par

Ekteparet Kari White Simonsen (43) og Anders Grøttingen Simonsen (46) konkurrerte i pargolf hos Bjørnefjorden golfklubb onsdag kveld.

- Uff, eg vert så stressa av sånne konkurransar, men i pargolf er det heldigvis berre den beste av våre to poengsummar som tel, ler Kari White Simonsen og dultar bort i ektemannen Anders.

- Jammen det er jo du som er den beste av oss, svarar han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Som dotter av ein profesjonell golflærar er halvt engelske Kari godt opplært, Men å vera dotter av ein golfekspert har ikkje vore berre berre.

Golf opp i halsen

- Eg har hatt golf langt opp i halsen. Det vart dessverre altfor mykje forventningspress og prestasjonsjag, seier 43-åringen.

Når ho no entrar grasplenen på Hauge, har ho ikkje konkurrert på heile 25 år.

Anders og Kari bur i Stølsvegen rett bak skogkanten. Som nærmaste naboar blir det ofte ein tur på golfbanen.
Anders og Kari bur i Stølsvegen rett bak skogkanten. Som nærmaste naboar blir det ofte ein tur på golfbanen.
Kari White Simonsen og Anders Grøttingen Simonsen er par i hjarta, par i golf og kanskje spelte dei under par også.
Kari White Simonsen og Anders Grøttingen Simonsen er par i hjarta, par i golf og kanskje spelte dei under par også.

- Er dette eit comeback? Ja, det er vel kanskje det, ler ho.

Golfveke

Det er fyrste gongen Bjørnefjorden golfklubb prøver ut pargolf. Eit arrangement som ser ut til å vera ein suksess, for over heile banen aular det av par i alle aldrar og fasongar.

På slaget fem startar ekteparet Simonsen ved hol fire. Alle deltakarane vert sende til start ved ulike hol for å sikra flyt i konkurransen.

High five

Anders tek eit prøveslag før han dryler ballen av garde.

- Eg likar eigentleg best å gå her og spela åleine. Du veit, kvardagen er travel med både ungar og jobb, så då er det fint å gå hit og kopla heilt ut, seier Kari og siktar seg inn på holet på andre sida av plenen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ballen landar i rimeleg nærleik til holet og Anders og Kari ser fornøgde på kvarandre.

- Bra gjort, seier Anders og gir kona ein high five før dei traskar vidare til neste hol.