I mai-juni vil 60 born få gratis symjeopplæring her i Osbadet. (Arkivfoto)
I mai-juni vil 60 born få gratis symjeopplæring her i Osbadet. (Arkivfoto)

Tilbyr gratis symjekurs for born

I morgon startar påmeldinga til gratis symjekurs for born. Arrangør er Os symjeklubb.

Kjenner du born mellom 6 og 10 år som ikkje kan symja eller er redde for vatn? Då kan du søkja om gratis symjekurs i regi av Os symjeklubb.

Finansieringa tek Svømmeforbundet og Gjensidigestiftinga seg av.

Artikkelen held fram under annonsen.

Du kan søka frå og med i morgon og fram til 4. april, men du kan ikkje søkja inn eitt og eitt barn, fortel leiar i Os symjeklubb, Tord Færøy.

- Nei, reglane er slik at ei såkalla eldsjel søkjer på vegner av ei gruppe born. Kanskje er det dei eldste i ein barnehage, eller borna i nabolaget. Det viktige er at du kan grunngje kvifor nettopp desse borna treng symjeopplæring.

- Dersom du søkjer inn born som alt går på symjeundervisning, hamnar nok søknaden nederst i bunken, seier han.

Flyktningar

- Dei siste åra har vi høyrt om fleire drukningsulukker blant flyktningar og nye landsmenn. Vil du oppmoda dei spesielt om å søkja?

- Absolutt. Det hadde vore veldig kjekt om nokon av desse søkjer. Det er gjerne ei gruppe som hadde hatt god bruk for symjeopplæring.

Os symjeklubb har arrangert gratiskurs i fleire år. Årets kurs vil gå over fire-fem ettermiddagar i mai-juni.

Totalt er det plass til 60 born, og det er dei yngste som vert prioriterte.

Livredning

På kurset vil dei få trening i livredning og kva ein gjer dersom ein sjølv eller andre ramlar uti vatnet. Den andre halvparten vil bestå av rein symjeopplæring.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Kva erfaring har de frå tidlegare kurs?

- Born og foreldre har gjeve uttrykk for at dei har fått mykje igjen for det. På landsplan har 52.000 born fått gratis symjekurs sidan 2008. Vi er glade for å kunne vera med på dette, seier Færøy.

Kven som får plass på symjekurset vert offentleggjort 18. april.

* Undersøkjingar syner at så mange som 150.000 born i fyrste til femte klasse går sommaren i møte utan å kunna symja.

* Før sommarferien skal over 7.000 nye born får gratis kurs rundt i heile landet gjennom svommeaksjonen.no.

* Os svømmeklubb er ein av 118 symjeklubbar i heile landet som deltek i symjeaksjonen. Dei oppmodar alle barnehagar, foreldrekontaktar, FAU og skular til å søkja på vegner av sine born.

Kjelde: Svømmeaksjonen.no