Anders Mol (f.v.), Hendrik Mol, Erik Vangsnes, Mathias Berntsen og Christian Sørum.

To år etter OL-gullet vart dei endeleg heidra

Men gåva frå kommunen kjem fyrst og fremst nokon andre til gode.

Heilt sidan det historiske OL-gullet i Tokyo har Bjørnafjorden kommune, med ordføraren i spissen, leita etter eit høve til å feira Anders Mol og Christian Sørum.

— Men så vart det nedstenging både ein og fleire gonger. Dessutan er dei utruleg travle, sa kultursjef Erik Vangsnes og blunka.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kanskje var det likevel greitt at det tok litt tid, for i mellomtida har dei teke gull i både VM og EM.

Og då Beach Volley Vikings underviste unge talent under helgas sandvolleyballfest i Strandvik, slo kommuneleiinga til.

— Vi er kraftig bakpå, noko vi forresten er på andre område også, men no skal de i alle fall endeleg verta heidra, smilte Vangsnes som var stand in for ordførar Trine Lindborg.

Saman med landslagskollegaene Hendrik Mol og Mathias Berntsen, fekk Mol og Sørum kvar sin blomebukett og ein gåvesjekk på 10.000 kroner.

Anders Mol tek imot gåvediplomet frå kultursjef Erik Vangsnes.

— Kommunen har som kjent ikkje så god råd, men desse pengane skal i alle fall gå til Strandvik Idrettslag og deira arbeid med å rekruttera nye talent.

Kultursjefen beklaga samtidig at det var han som kom, og ikkje ordføraren.

— Trine Lindborg er ein skikkeleg sportsidiot som fylgjer med dykk i alle kanalar. Eg kan fortelja at ho er mektig frustrert og lei seg for at ho ikkje sjølv kunne koma.

Årsaka til ordførarens fråvær var eit lenge planlagt kommunestyremøte.