Andreas Søfteland (33) håpar og trur at han vil få endå meir å jubla over i åra som kjem, for no trappar han oppsatsinga på motbakkeløp.
Andreas Søfteland (33) håpar og trur at han vil få endå meir å jubla over i åra som kjem, for no trappar han oppsatsinga på motbakkeløp.

Trappar opp satsinga

– For ti år sidan hata eg å springa. Eg hadde aldri trudd at eg skulle halda på med dette i dag, seier Andreas Søfteland (33), som etter nye, sterke resultat, har bestemt seg for å satsa hardare på motbakkeløp enn nokosinne tidlegare.

Då Søfteland var liten gut, gjekk han tur på familien og slikt, men i mange år var det berre fotball som stod i hovudet på han. Det måtte han gje seg med grunna skader kring midten av 20-åra.

– Eg hugsar at springetreningane var heilt pyton. Låg det ein ball framfor meg, kunne eg springa, men det å jogga på eiga hand, var utruleg keisamt. For ti år sidan hata eg rett og slett å springa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Har med meistringskjensle å gjera

Likevel skulle det ikkje gå lang tid etter at han la fotballskoa på hylla, før han fekk smaken på motbakkeløp.

– Det har nok noko med meistringskjensle å gjera, i kombinasjon med at eg oppdaga eit talent. Det starta med at eg gjekk i fjellet for å halda forma ved like. Etter litt tid klarte eg å springa lengre og lengre, før eg til slutt sprang heile vegen. Tidene blei betre, og eg kjempa for å setja nye personlege rekordar, seier Søfteland og legg til:

– Det kan vera kjekt å vera del av eit lag, men til dømes i fotball, er det gjerne slik at nokre spelarar er meir seriøse enn andre. Ein har ulike ønske i eit lag. No som eg berre har meg sjølv i fokus, kan eg strekkja strikken deretter. Eg bestemmer nivået, og eg må sjølv gjera jobben.

Alt før Andreas Søfteland hadde gått ut med at han ønskte seg sponsorar for å satsa hardare på motbakkeløp, tikka det inn ein hyggeleg e-post frå Harald Alexander Noss i Bjørnefjorden Tannlegepraksis om at dei ønskjer å støtta han.
Alt før Andreas Søfteland hadde gått ut med at han ønskte seg sponsorar for å satsa hardare på motbakkeløp, tikka det inn ein hyggeleg e-post frå Harald Alexander Noss i Bjørnefjorden Tannlegepraksis om at dei ønskjer å støtta han.

Må prioritera rett

Motbakkeløp har vore ein del av livet hans i mange år, men det var først for to år sidan at han verkeleg starta å ta det seriøst.

– Eg trente nok meir enn «ein vanleg person» før det også, men då bestemte eg meg for å satsa meir. Eg byrja å søkja hjelp. Eg har ikkje hatt ein fast trenar til å hjelpa meg, men onkelen min Dag Gaassand har bidrege med gode råd og tips - og eg har lagt opp sesongen etter modellar som eg har funne på Olympiatoppen. Eg kjenner også dei beste motbakkeløparane i Noreg, og har fått gode tips frå dei, seier Søfteland.

For to år sidan byrja han også å sjå meir på kosthald og søvn, og han la om livsstilen.

– Eg må prioritera vekk sosiale ting som festar. I år har eg ikkje vore ute, og i fjor trur eg at eg berre var på éin fest. Om kompisane mine vil på McDonalds, må eg stå over. Eg lagar heller sunn mat frå botn heime. Eg legg meg klokka ti om kvelden for å få tid til ei treningsøkt før jobb. For å samanfatta, blei alt sett i system for to år sidan.

Overtydd om eit gjensidig utbyte

For å nå sine personlege mål, ønskjer Søfteland å satsa endå hardare. Det inneber å frigje fleire timar i veka til trening. Før han hadde gått ut med nyhendet, tikka det inn ein e-post frå Harald Alexander Noss som driv Bjørnefjorden Tannlegepraksis.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg skulle til å starta å sjå meg om etter sponsorar. Det er ganske morosamt at eg fekk den e-posten nett no. Eg plar snakka med Noss om motbakkeløp, då det er han som er tannlegen min. Det er kjekt at han ønskjer å støtta meg.

Harald Alexander Noss fortel at dei har følgt Andreas Søfteland over lengre tid.

– Andreas er ein god idrettsutøvar i ein sport vi let oss fascinera av. Han har lagt langsiktige planar for karrieren. Prestasjonane, men også den audmjuke personlegdomen, gjer han til ein person vi ønskjer å støtta og kan identifisera oss med. Vi ønskjer å hjelpa han ved å leggja til rette for ein betre treningskvardag, både ved å kjøpa han fri frå vanleg jobb og bidra økonomisk i samband med treningsleiar. Sjølv meiner Andreas at det kan gjera at han tek det siste steget opp i noregstoppen. Då veit vi at han også kan hevda seg internasjonalt. Uansett kva resultat han oppnår, er vi overtydd om at vi vil ha eit gjensidig utbyte av samarbeidet, seier Noss.

Alderen inga hindring

Det må fleire sponsorar til for at Søfteland skal kunna trappa ned på jobbinga.

– Eg veit ikkje korleis marknaden er, om fleire er interesserte i å støtta meg. Denne sesongen er sett, så eg jobbar med å få inn sponsorar slik at alt er klart til hausten då eg skal leggja planen for neste sesong.

Måla Søfteland ønskjer å oppnå, vil han førebels halda litt for seg sjølv.

– Eg har ulike delmål undervegs, nokre har eg nådd så langt, og eg har stor tru på at eg skal klara å nå resten også, seier han og smiler.

I nokre idrettar ville det vore rart å trappa opp satsinga som 33-åring, men det er ikkje tilfelle for motbakkeløp, fortel Søfteland.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Mange av dei beste motbakkeløparane er i 30- og 40-åra. Han som blei verdsmeister nyleg, er kring 30 år. Eg følar ikkje at eg er for gamal, for å seia det slik. Som motbakkeløpar må ein bruka tid på å opparbeida ein grunnmur. Det einaste ein gjerne startar å tapa i 30-åra, er fart – og fart er ikkje avgjerande i motbakkeløp. Det går ikkje så raskt opp bakkane uansett. Eg føler at eg har mange gode år att, seier han og smiler.