TikTok og YouTube-kamp: Mika (i gult) var blant mange kjendisar som spelte showkamp i Skien sist helg.

Ærefullt oppdrag: Mika var med og samla inn 170.000 kroner til «Mental helse ungdom»

— Det var ei ære å bli spurt og ei stor oppleving, seier 21 år gamle Mika etter å ha vore med på showkamp i Skien.

Kampen fann stad på Skagerak Arena i Skien sist laurdag. I regi av «Triksepappa» Kent Solheim, som sjølv har slite med psykiske lidingar, vart det arrangert kamp mellom kjendisar frå sosiale medium til inntekt for Mental helse ungdom.

Totalt 150 tiktokarar og youtuberar melde seg til teneste for å delta i fotballkampen. Berre litt over 40 fekk vera med. Blant dei, Mika frå Kuventræ i Os.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Det var stort. Det var mange kjendisar, og det var ei ære å få vera med på showet og yta ein innsats for ei slik god sak, seier Mika.

TikTok-kamp: Dei to laga samla etter kamp - framfor totalt 3.000 på tribunen.

Gamer og vlogging

21-åringen har vore aktiv på Youtube i årevis, men har eit stykke att før han når talet følgjarar til dei andre i showkampen.

— Eg helste på Prebz frå Prebz og Dennis. Han er rimeleg kjent, så det var moro, fortel Mika.

Kampen enda 5—5 etter full tid. Mika spelta på Youtube-laget.

— Me vann på straffe.

— Skåra du?

— Nei, men eg hadde ein veldig stor sjanse i sjølve kampen, som eg burde ha sett i mål, smiler han.

— Gav det meirsmak?

Artikkelen held fram under annonsen.

— Gjett om! Eg skal halda fram med Youtube og andre sosiale medium. Showkampen kan føra til at eg etter kvart får fleire følgjarar, meiner han.

— Kva er det du sjølv lagar på Youtube?

— Det går mykje i dataspel. Tidlegare var det Minecraft. No i det siste har det vore mest Fortnite og CS Go. Elles vloggar eg om random ting som skjer i kvardagen.

— Så me vil høyra meir frå deg i tida framover?

— Det håpar og trur eg, ler Mika.