Guten skal ha kome frå uhellet utan store skader.

Gut hoppa frå Osbrua. Landa i båt

Ulukka skjedde i 12-tida søndag.

Publisert Sist oppdatert

Søndag, ca. kl. 12.01, vart politiet i Os varsla om ei ulukke i Os sentrum.

– Ein gut, ca 9-10 år, hadde hoppa frå Osbrua og rett i ein båt som kom køyrande frå naustsida av elva. Guten hadde gått gjennom kalesjen og knust eit vindauge etter hopp på ca. 3,5 meter, skriv fungerande politiinspektør, Anne Lyssand, i ein e-post til Os & Fusaposten.

Far til guten kom til ulukkesstaden. Det same gjorde ambulansen, som tok hand om guten.

– Guten var bevisst og gjorde godt greie for seg. Han vart køyrt til Haukeland for sjekk. Ingen brot, opplyser Lyssand.

Det vert ikkje vert oppretta sak på forholdet.

Powered by Labrador CMS