Teater Vestland, Anderz Eide
Anderz Eide spelar ein hardbarka tøffing av ein etterforskar i stykket som kjem til Oseana på torsdag.

Byr på teater i Tarentino-landskapet

Anderz debuterer i Oseana: – Det er verkeleg på tide 

Den kjente skodespelaren frå Hålandsdalen vil ha mange kjente og kjære i salen når han kjem med framsyninga «Putemannen» torsdag.

Publisert Sist oppdatert

Teater Vestland kjem med eit ensemble på fire når dei set opp «Putemannen» i Oseana komande torsdag. Når dei kjem til Anderz Eide sin heimkommune, er dei godt innspelte.

– Framsyninga i Oseana blir vår 12. på denne turnéen. Før den tid hadde me halvannan månad med hektisk øving i Førde, fortel Eide.

Han ler avvepnande når han vedgår at jobben i Oseana blir hans første på denne scenen.

– Ja, det er nesten litt rart at eg ikkje har spelt der tidlegare, så mykje som eg har vore rundt og spelt, seier frilansskodespelaren.

– Når vart Oseana bygd?

– Det opna i 2012.

– Huff, ja, då er det jammen meg på tide, ler han.

Anders Eide, Putemannen.
Anderz Eide kallar stilen og sjargongen i stykke for litt «Tarantino-aktig».

– Veldig kult stykke

Når det først skulle ta så lang tid før skodespelaren skulle få spela på storscenen i i Oseana, er han glad det vart med dette stykket.

– Dette er veldig kult. Det er skrive av superforfattaren Martin McDonagh, som i teaterverda har vore svært bejubla i mange år. Dette stykket skreiv han tilbake i 2003, men det er framleis veldig aktuelt. Det er mørk, svart og tøff humor, fortel 49-åringen.

Han trekker parallellar til filmverda.

– Det er litt slik Quentin Tarantino skriv. Røffe dialogar, kjappe replikkar og litt råskap.

– Kva handlar det om?

– Det handlar om ein forfattar som vert teke inn til avhøyr fordi noko av det han har skrive om, også tilsynelatande finn stad i verkelegheita. Eller gjer det det, smiler Anderz og legg til: 

– Det er mange vendingar i stykket. Eg kan ikkje røpa for mykje.

– Kva er di rolle?

– Eg spelar ein barsk, hardhendt etterforskar. Eg jobbar i lag med ein som tilsynelatande er mykje smartare enn meg, men personen eg spelar, har sine heilt klare motiv for alt han gjer.

Far og søster skal sjå

Anderz er frilansskodespelar. Engasjementet ved Teater Vestland varar i tre månader.

– Totalt skal me gjera 24 framsyningar på 18 ulike stader i Vestland og Rogaland.

– Når du endeleg skal spela i Oseana, blir det kanskje nokre kjente i salen?

– Ja, heime i gamle Fusa kommune har eg framleis min gamle far og ei søster. Begge kjem. I tillegg har eg høyrd rykte om at ein del gamle skulekameratar skal ta turen. Det set eg veldig pris på.

– Du er busett i Oslo til dagen, men får du tid til å besøka Hålandsdalen av og til?

– Ja, eg var der faktisk nyleg. Når eg reiser åleine, bur eg hos far min, men eg har også eit sommarhus på Eide i lag med søstera mi. Når eg kjem med heile familien, er det der me bur.

Mykje Fusa-tid neste sommar

49-åringen røper at han truleg vil tilbringa ekstra mykje tid på sine gamle heimtrakter neste sommar. Då skal det nemleg setjast opp eit spel som skodespelaren blir ein del av.

– Forfattar Eirik Ingebrigtsen skriv på spelet no. Tidlegare Os-busette Glenn Erik Haugland skal skriva musikken. Stykket fått namnet «Spelet om Kikedalsbonden». Det gler eg meg veldig til å vera med på, fortel Eide.

Powered by Labrador CMS