DEBATT
Jo, vi ser absolutt heile kommunen
Eg kan forsikra Uglehus, og alle de andre, om at eg som ordførar både ser, bryr meg om og jobbar for heile Bjørnafjorden.
Åse Kristin Uglehus har eit svært personleg, kjenslelada og engasjert innlegg i Os & Fusaposten 25. oktober med tittelen Kjære Terje – ordføraren «vår».
Eg kan forsikra Uglehus, og alle de andre, om at eg som ordførar både ser, bryr meg om og jobbar for heile Bjørnafjorden.
Mitt klåre inntrykk er at dette også gjeld for alle representantane i kommunestyret - uavhengig av parti. Det same gjeld for dei tilsette i kommuneadministrasjonen.
Dette er ekstra viktig i ei tid der kommunen står i krevjande omstilling for å få orden på økonomien. Alle tenestene, på begge sider av fjorden, har måtta bidra med kostnadsreduksjonar. Dette har, og er, sjølvsagt krevjande for både tilsette og brukarane av kommunale tenester. Det positive er av vi no ser ein kommuneøkonomi i klår betring.
Uglehus understrekar at ho skriv som innbyggjar, og det er mykje i lesarbrevet hennar som fortener å bli svart ut. Eg finn det imidlertid svært krevjande å ta denne dialogen fullt ut i lokalavisa, all den tid Uglehus også er tilsett som mellomleiar i den kommunale organisasjonen.
Som ordførar og kommunestyrerepresentant har eg eit klårt arbeidsgjevaransvar, og i ei slik rolle finn eg det ikkje rett å debattera direkte med våre tilsette i lesarbrevspaltene.
Direktedialog er mykje betre. Eg vil difor invitera Uglehus til eit møte når ho måtte ynskja det. Då får vi høve til å utveksla ulike perspektiv, drøfta problemstillingane og kanskje forstå kvarandre betre over ein kopp kaffi. Døra til ordførarkontoret i Bjørnafjorden står alltid open, både for innbyggjarar, næringslivet, frivillig sektor, våre tilsette og alle andre.
Terskelen for å få eit møte eller ein prat er, og skal vera, låg.
Terje Søviknes (Frp)
Ordførar Bjørnafjorden kommune