Paal Flaata, Stephen Ackles og Vidar Busk innleia sitt musikalske samarbeid i 2015, som ein hyllest til deira felles musikalske forbilde, Elvis Presley.
Paal Flaata, Stephen Ackles og Vidar Busk innleia sitt musikalske samarbeid i 2015, som ein hyllest til deira felles musikalske forbilde, Elvis Presley.

Paal Flaata, Stephen Ackles, Vidar Busk - og Fonos heidrar Elvis

29. november kjem den kritikarroste trioen for første gong til Os med sitt 10-manns band. Med på laget til konserten i Os har dei også fått Fonos.

Paal Flaata, Stephen Ackles og Vidar Busk innleia sitt musikalske samarbeid i 2015, som ein hyllest til deira felles musikalske forbilde, Elvis Presley. Det som var tenkt som kring 15 konsertar for å markera at verdas mestseljande artist ville fylt 80 år, har no blitt til meir enn 300 konsertar.

Trioen, som også vert omtala som The FAB-3, har så langt gjort fire ulike konsept-produksjonar med materiale frå Elvis. I fjor gjorde dei meir enn 80 konsertar med «In Memory of Elvis Gospel». Tidleg blei det bestemt at det ville bli ein oppfølgjar og i september var det premiere på «In Memory of Elvis Gospel - vol.2».

Artikkelen held fram under annonsen.

Til konserten i Os kyrkje vil FONOS delta på fleire av songane. I halvannan time blir det eit gjenhøyr med ei rekkje kjende songar frå Elvis sine innspelingar.

Elvis spelte inn 79 gospelsongar i sin karriere. 24 av desse var med i den første gospelkonserten. Mange av desse blir erstatta med nye songar i denne haustens konsertar.

jostein@osogfusa.no