Thomas Hylland Eriksen: Sju meiningar med livet

Kva er meininga med livet? Er det «den store» meininga ein først og fremst tenkjer på, eller er det ulike perspektiv på kva som kan gje livet meining?

Thomas Hylland Eriksen er i dette foredraget på Os Senioruniversitet opptatt av det sistnemnde. Som verdskjent professor og sosialantropolog – ikkje sjeldan beskrive som verdas mest kjente sosialantropolog – gjev han ut frå sin faglege bakgrunn og si eiga livserfaring, sju ulike perspektiv på kva som kan gje livet meining.

Han brukar sine erfaringar frå reiser i ulike land til å beskriva det som i heilt forskjellige samfunn gjer seg utslag i kva som er meiningsfullt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hylland Eriksen er professor ved Sosialantropologisk institutt, Universitetet i Oslo. Internasjonalt er han mest kjent for si forsking om etnisitet, nasjonalisme og globalisering. I Norge er han mest kjent for å formidla ulike perspektiv på eit fleirkulturelt samfunn, identitet og ei rekke samfunnsspørsmål gjennom debatt, media og sitt faglitterære forfattarskap.

Han er ein av sin generasjons mest produktive sosialantropologar, og hans fagbøker og artiklar vert lesne på mange språk over heile verda.

Boka «Øyeblikkets tyranni» vekte mellom anna stor interesse med fokus på korleis me alle vert «bombardert» av informasjon som me så skal sortera.

Hylland Eriksen har vunne ei rekke prisar for si forsking og formidling. I foredraget hos oss vil han ta utgangspunkt i boka «Syv meninger med livet.»

Os Senioruniversitet