Eg merka meg at det frå fleire hald vart framheva kor viktig det er med regelmessig trening av kondisjon, styrke og balanse.

DEBATT

Tusen takk for eit interessant og opplysande møte

Tusen takk for eit interessant og opplysande Innbyggarmøte i Oseana 22. oktober, under tittelen «Å bli gamal i Bjørnafjorden»

Eg merka meg at det frå fleire hald vart framheva kor viktig det er med regelmessig trening av kondisjon, styrke og balanse, ikkje minst vart dette understreka av dei to flinke fysioterapeutane som reklamerte for «Sterk og stødig»-programmet.

Det eg, og fleire med meg sakna, var opplysning frå arrangøren om trimmen på Eldresenteret kvar måndag og fredag. Dette har vore eit fast, uavbrote  innslag kvar uke, heilt sidan fysioterapeut Elisabeth Haugland starta «Trimmen» i september 1977.

Kvar måndag og fredag vert det trena styrke og balanse i Os Eldresenter, trening som svarar opp akkurat det Sterk og stødig-programmet til dei to fysioterapeutane fremmar.

Trimmen er gratis og open for alle seniorar. Os Pensjonistforening spanderer gratis seniordrosje til og frå for dei som ikkje kjem seg fram på eiga hand.

Bjørn Sivertsen

Leiar i Os Pensjonistforening

Powered by Labrador CMS