No er det faktisk alvor: No er det faktisk alvor, og utviklinga med smitta og sjuke endrar seg frå dag til dag og frå time til time, også i vår kommune.

Asle Olsen, med all respekt å melda

Fokuset mitt som ordførar er framleis styring og trygging av innbyggjarane våre i denne spesielle tida.

Det omfattar også å hjelpa til med dugnaden slik at ein sikrar at administrasjon og tilsette har dei nødvendige ressursane og verktya dei treng til å fokusera på det viktigaste - innbyggjarane.

No er det faktisk alvor, og utviklinga med smitta og sjuke endrar seg frå dag til dag og frå time til time, også i vår kommune.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Direkte ufint av ordføreren
Les også
I desse dagar er det fellesskapet framfor alt!

Du skriv «Jeg vil gjerne begynne med den mest alvorlige påstanden, som ordføreren selv kom med, at dette dreier seg om trygghet og styring. Per nå er begge deler fullstendig feil, og det vet ordføreren selv også.»

Kor har eg sagt at dei som ikkje stemte for delegeringsframlegget ikkje er ansvarlege og opptekne av styring og tryggleik? Eg ber deg vera snill og lesa lesarinnlegget mitt ein gong til. Eg gjengjev delar her: Det er felleskapet som tel, og no i desse dagar er det fellesskapet framfor alt. Bjørnafjorden sine innbyggjarar skal sikrast tryggleik og styring. Eg meiner dette er tida for å leggja partipolitikk og symbolpolitikk til sides.

No er det for meg som ordførar eitt fokus som tel, å sikra trygge, kloke og raske avgjerder når det krevst, og at kommuneleiing og kommunal kriseleiing (KKL) er sikra dei rette verktya for å utføra sitt virke til vårt felles beste. Inkludert i dette er at alle får halda seg friske og vera istand til å utføra dei krevjande oppgåvene sine. Dette meiner eg vi no i denne tidsavgrensa tida best ivaretek politisk og demokratisk gjennom eit lovleg vald formannskap som kan fatta raske og nødvendige vedtak.

Dette er mi meining.

Les også
Fem røysta mot å overføra mynde til formannskapet. Må finna anna løysing

I formannskapsmøtet 18. mars blei det fremja ønske om ei delegering frå kommunestyre til formannskap, kor SV skulle inkluderast til bordet.

Eit slik delegering av mynde krev eit samrøystes vedtak , og det er bra. No vart det ikkje det, og då held vi oss til det.

Du har i denne debatten, og i dei innlegg eg har sett du har skrive, hoppa glatt bukk over det som stod i saksutgreiinga om at dette berre gjeld saker som formannskapet kan ta avgjerder i etter lova. Det er nemleg fleire saker som budsjett, årsrekneskap, arealplanar, samfunnsplanar osv som IKKJE kan delegerast til formannskapet uansett kva vedtak om delegeringg som vart fatta i går.

Det står også tydeleg at vedtaket opphøyrer så snart ein er tilbake til vanleg drift, det vil seia når rådhus, barnehagar og skular opnar. Datoen 15. august blei brukt som makstid, dette fordi det samsvarer med skulestart, ferieavvikling, og at det ikkje står politiske møte på agendaen mellom skuleslutt og fram til etter skulestart ( slik er det kvart år).

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg kan faktisk både formannskap og ordførar etter lova fatta avgjerder i hastesaker og berre informera om det i kommunestyret i etterkant.

Saka om delegering kom opp fordi vi ønskte ei brei forankring om hasteavgjerder og styring i denne spesielle perioden landet og kommunen vår er inne i, og difor ville vi sikra SV talerett i formannskapet.

No er vedtaket fatta, det vart ikkje samrøystes å delegera fullmakt, og det held vi oss alle til.

Det vert jobba med å finna gode og demokratiske løysingar for møte, og det vert innkalla til gruppeleiarmøte denne veka slik som annonsert.

Trine Lindborg

Ordførar

Ap