Frykt: Vår frykt er at fleire kjem til å ende med å droppe ut.

Bjørnafjorden AUF støttar elevane på Os VGS

Fylket si nedlegging av påbyggklassar på Os er urettferdig og viser manglande forståing for dei som ikkje får læreplass.

Det er eit stort underskot av læreplassar i Bjørnafjorden. Det seier seg sjølv at når det er ei nesten umogleg oppgåve å skaffe seg læreplass, så vel fleire å ta påbygg. Mange elevar på Os hadde påbygg i planen sin heilt frå dei gjekk på ungdomsskulen, fordi ein visste at læreplass var vanskeleg å få. Det er heilt klart at ungdom i Bjørnafjorden og tilhøyrande område vil ut i lære. Det hjelper likevel ikkje med sterk vilje for alle når talet læreplassar er nokre tidelar av elevtalet.

Det skapar ein sterk frustrasjon når fylkespolitikarane ikkje tar innover seg situasjonen ein har i Bjørnafjorden. Me er einige i målet til fylkespolitikarane, fleire ut i lære er positivt. Det finst likevel ein riktig og ein feil måte å gjere det på. Det som skjer no, er heilt feil ende å starte i. Om fylkespolitikarane hadde sett situasjonen i Bjørnafjorden, ville ein ha skaffa fleire læreplassar i nærområdet, heller enn å skape unødig stress og frustrasjon ved å leggje ned undervisningstilbod etter at fristen for skuleval er gått ut.

Artikkelen held fram under annonsen.

Elevar som før var trygge i sine val, som hadde planlagd å gå påbygg i mange år og som var trygge på å kome inn, er no kasta ut i stor usikkerheit. Sannsynet for å få læreplass er svært liten. VGS-elevar frå Bjørnafjorden søkjer læreplassar i hopetal, men få får svar. Alternativa er at ein får plass på ein skule i Bergen og får timesvis i reiseveg, eller at ein droppar ut. Vår frykt er at fleire kjem til å ende med å droppe ut.

Frustrasjonen som elevane opplever no, hadde vore unngått om ein hadde begynt i riktig ende. Gjer det lettare å få læreplass, ikkje vanskelegare å gå påbygg!

Styret i Bjørnafjorden AUF