Kan begynna å lura: Forslag til kutt er aldri populært, men når det går utelukkande ut over dei svakaste i samfunnet, kan ein begynna å lura.

Bjørnafjorden kommune - kva er det som skjer?

Når noko fungerer, ikkje rør!

Eg var i utgangspunktet skeptisk til å slå saman Os og Fusa då eg meiner det er store ulikskaper både i geografi og ikkje minst i mål for framtida.

Etter valet for vel fire år sidan, viste det seg at osingane vart «tekne litt på senga». Fusa-sida vart godt representert i kommunestyret og eg kunne senka skuldrene litt. Så var det nytt val i haust der det som forventa vart maktbyte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Allereie val-kvelden sto Terje Søviknes på tv og sa at han såg fram til å utvikla «bygdo» vidare. Bygdo i eintal, der altså. Ikkje «bygdene».

Når ein går til val på «nei til eigedomsskatt» i ein kommune med dårleg økonomi, kan det umulig koma som eit sjokk at det lyt kuttast utgifter.

Forslag til kutt er aldri populært, men når det går utelukkande ut over dei svakaste i samfunnet, kan ein begynna å lura.

Les også
– Om vi ikkje har pengar til å ha ei legevakt i Eikelandsosen, er kommunen i mine auge konkurs

Legevakta i Eikelandsosen

På måndag hamna eg i ein situasjon der eg fekk behov for akutt legehjelp. Heldigvis ikkje noko kritisk, berre grådig vondt. Likevel kjendest turen i ambulansen frå Strandvik til Eikelandsosen som ein evigheit.

Tanken på at å måtta forlenga turen via Hegglandsdalen til legevakta på Os, er skremmande.

At høgt utdanna og godt lønna folk i det heile tatt kan foreslå det!

Me har per i dag ei svært oppegåande legevakt og legekontor i Eikelandsosen. Fantastiske tilsette som verkeleg har stått på for å løfta det opp dit det er i dag.

Når noko fungerer, ikkje rør!

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Kvifor ikkje leggja ned legevakta på Moberg og flytta alt til Eikelandsfjorden?

Brøyting og salting

Neste kapittel i «Øystein er skeptisk til Bjørnafjorden».

I over 20 år hadde underteikna ansvaret for vintervedlikehald av diverse kommunale vegar i Strandvik-området. I løpet av dei åra, trur eg at eg kan telja på éi ( kanskje to) hender kor mange gonger det vart salta.

Så kom kommunesamanslåinga og alt skulle ut på anbod att. Resultat var at det kom pickupar frå andre sida av fjorden som salta preventivt (altså salta før det vart glatt).

Kven er det som har sett krava i desse anbodspapira? Og kva grunnlag har dei brukt?

Les også
Frå varme hender til kalde føter

Å salta preventivt på kommunale vegar som har ei trafikkmengd på under 100 bilar i døgnet, er rein galskap.

Heldigvis har det vert minimalt med snø dei siste åra, for om det faktisk kjem snø, vil ein ikkje ha kjangs å brøyta dei vegane her med små pickupar.

Er det ingen som tenkjer beredskap/utrykking når dei set krav til utstyr i anbodspapira ?

Det må no kunna gå an å ta ein prat med oss som har lokalkunnskap for å finna ei løysing som er både økonomisk forsvarleg og samtidig sikrar framkomelegheit når det trengst?

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg vil understreka at dette ikkje er kritikk til utførande entreprenørar. Dei følgjer berre kontrakten.

Så vert det foreslått at kommunen berre skal nytta eigne folk og utstyr til brøyting, og då berre i «kontortida»?

Ein skal koma på det og…

Les også
Fryktar fastlegeordninga vil falla frå kvarande om legevakta forsvinn

Vidare har ein prøvd seg på å kutta ned tal skular ute i distrikta og no står vel sjukeheimsplassar for tur?

Om det er eigedomsskatt som skal til for at me skal kunna behalda legevakt, skular og sjukeheimsplassar, skal eg betala denne med med glede!

Kommunestyret har fått i oppdrag å styra heile kommunen på vegne av alle innbyggjarane.

Eit lite dikt til slutt:

Velkommen til Bjørnafjorden!

Artikkelen held fram under annonsen.

Velkommen til Bjørnafjorden, ein kommune delt i to

Her er ja til alt, men berre ikkje nett no

Har du tenkt å skada deg, så pass på at du e' på rett sia

For itte ferjo har lagt seg, so tek da fort to timar til Mobergslia

Når du sit på do, så skille da ikkje ei krona

Begge sie tå fjorden sponsa Ohara med mange milliona’

Ser du fram til vinter med mykje snø og ski

Itte kl 15 kan kommunale vegar tilby grådig god gli

Artikkelen held fram under annonsen.

Berre husk å knekk foten i bunn av lio

For ambulansen kjem seg ikkje til toppen utanfor kontortio.

Og har du flaks og vert gamal, så ikkje ver slik at du må halda senga

Da dreia seg om å ta ein for laget og spara penga

Heimesjukepleien vert nok god på ski

For kommunale vegar opnar ikkje før kl ni

Men fortvil ikkje, da kjem te å ordna seg, da

Ordføraren har nemleg sagt at svaret er JA!

Artikkelen held fram under annonsen.

Øystein Reiertsen Tholo