Tilliten mellom foreldre og leiinga er fråverande, og sjølv om ein etter tilsynet formelt sett skulle koma attende til ei lovleg og tilnærma normal drift, så spørst det om den grunnleggjande tilliten mellom partane let seg byggja opp att.
Tilliten mellom foreldre og leiinga er fråverande, og sjølv om ein etter tilsynet formelt sett skulle koma attende til ei lovleg og tilnærma normal drift, så spørst det om den grunnleggjande tilliten mellom partane let seg byggja opp att. Foto: Øystein Lid

Bør vurdera å selja seg ut

LEIAR: Slik situasjonen står no, verkar det mest nærliggjande at drivarane vurderer å selja barnehagen.

Konfliktnivået i Borgafjell barnehage eskalerer stadig. Foreldre opplever dei blir truga med å mista plassen i barnehagen som følgje av kritiske spørsmål. Sist veka la dei 14 tillitsvalde ned verva sine i solidaritet. Barnehagens advokat, Nina Gundersen Sandnes, svarer at det er heilt andre årsaker til at enkelte foreldre no har motteke varsel om mogleg oppseiing. Teieplikta forhindrar at advokaten går ut med grunngjevingane.

Frontane er steile. Fleire er sjukemelde. Vikarbruken er omfattande. Beskyldningane og ordbruken er krass. Tillitsbrotet er stort - så stort at det er vanskeleg å sjå for seg at drifta i Borgafjell barnehage skal kunna koma attende til normale former utan ei drastisk endring.

Slik situasjonen står no, med den mistilliten som er mellom foreldre og leiinga, og det samarbeidsklimaet som tilsynelatande er mellom dei tilsette og leiinga, verkar det mest nærliggjande at drivarane vurderer å selja barnehagen. I så fall kan kommunen «gjera seg» til ein av dei aktuelle kjøparane.

Kanskje er det prematurt med ei slik drastisk løysing når fristen for å svara på det kommunale tilsynet går ut denne veka. I tillegg inviterer kommunen no til dialogmøte. Og sjølvsagt kan ein vona på forsoning gjennom svaret frå barnehagen og plikta dei har til å lukka avvik og retta opp i ulovlegheiter. Framleis har kommunen også høve til å ta i bruk hardare verkemiddel, som økonomiske sanksjonar eller ei stenging av barnehagen.

I denne saka er det likevel så totalt ulike oppfatningar av røynda, at det er vanskelg å sjå føre seg at dette skal føra til ein barnehagekvardag i Borgafjell som er til det beste for borna på lang sikt.

Tilliten mellom foreldre og leiinga er fråverande, og sjølv om ein etter tilsynet formelt sett skulle koma attende til ei lovleg og tilnærma normal drift, så spørst det om den grunnleggjande tilliten mellom partane let seg byggja opp att. Vil ein kunna tru på ei stabil og god drift, med eit godt miljø for både tilsette og ikkje minst borna, i uvoerskodeleg framtid?

Det einaste dei føresette vil er å kunna levera frå seg borna på ein trygg, stabil og pedagogisk stad. Jamvel om leiinga meiner dei evnar å levera dette, så klarer dei ikkje å overtyda dei føresette om det. Det er ikkje ein haldbar situasjon for foreldra og deira barnehageborn.