Ulykke: Dette vil vera ei ulykke og medfører negative konsekvensar for mange, deriblant dei deltakarane som mister dette tilbodet.

Crux Vindfanget og frivillig innsats

Det er ingen andre tiltak i Bjørnafjorden som kan erstatta Vindfanget i dag.

I Os & Fusaposten stod det fredag 10. februar ein informativ artikkel om Crux Vindfanget på Os. Artikkelen hadde fokus på konsekvensane ved ei eventuell nedlegging knytt til kutt i kommunalt og statleg driftstilskot.

Les også
— Det vil bety kroken på døra for oss

Som kjent gjev Vindfanget tilbod om arbeidstrening og heilskapleg oppfølging til menneske som av ulike grunnar slit med å få eit fotfeste innanfor arbeidslivet. Éi side ved drifta var likevel etter mi meining ikkje omtalt i tilstrekkeleg grad: Den frivillege innsatsen ved Vindfanget.

Artikkelen held fram under annonsen.

Crux sin profil

Heilt sidan etableringa av Vindfanget i Os i 2007, har drifta vore tilgodesett og støtta på frivillig basis av personar med ulik kompetanse, og som gjev av seg sjølve fordi dei er har overskot og ynskjer å gjera ein forskjell. Som ideell organisasjon er bruk av frivillig innsats ein del av Crux sin profil.

Desse frivillige ressursane deltek på supplerande og avtalt vis ved sida av dei tilsette. Innsatsen kan koma til syne t.d. innan matlaging, handarbeid eller fysisk aktivitet, men også gjennom individuell oppfølging rundt den enkelte deltakar for å formidla omsorg og tryggleik, og ved samarbeid med Nav eller andre kommunale og/eller statlege tenester.

Fleire fagområde

Volumet på desse frivillige ressursane har naturleg nok variert opp gjennom åra. For tida ligg volumet tilsvarande 100–150% stillingsressursar og ville i kommunal samanheng utgjort i kostnader nesten like mye som det årlege tilskotet frå kommunen, i alle fall når ein tek med arbeidsgjevaravgift og sosiale kostnader.

Desse ressursane representerer i dag fagområde som jus og sosialfagleg kompetanse, herunder rus og psykisk helsearbeid, men vi finn òg frivillige med erfaring frå flyktningarbeid, vaktmeisterarbeid og anleggsgartnerarbeid. Brukarerfaring med bakgrunn som tidlegare deltakar ved Vindfanget er også representert.

Betre livssituasjon

Underteikna har vore frivillig medarbeidar ved Vindfanget i over fire år. Som tidlegare tilsett i Os og seinare Bjørnafjorden kommune, hadde eg eit tett samarbeid med Vindfanget i mange år. Eg har sett mange døme på at deltakarar gjennom eit metodisk oppfølgingsarbeid har fått ein betre livssituasjon. Mange av desse er i stabile jobbar i dag.

Som frivillig medarbeidar opplever eg fortsatt korleis Vindfanget bidreg til å byggja opp stabilitet, meistring og auka livsglede hos deltakarane.

Det er ingen tvil om at når den frivillige innsatsen på Vindfanget er stabil og blir integrert i drifta, bidreg den til å styrkja kvaliteten ytterligare på det daglege arbeidet.

Nødvendig og unikt ledd

Det er heller ingen tvil om at Vindfanget gjennom sin eksistens representerer eit nødvendig og unikt ledd i ei tiltakskjede der målet som kjent er å få folk inn i arbeid eller tilbake i arbeid. Det er ingen andre tiltak i Bjørnafjorden som kan erstatta Vindfanget i dag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nav driv fyrst og fremst med forvaltning og er ein sentral oppdragsgjevar for Vindfanget, men driv ikkje sjølv med arbeidstrening slik Vindfanget gjer. Dersom Nav vel å byggja opp eigne arbeidstreningstiltak i framtida, vil dei likevel aldri kunna driva tilsvarande innan same driftsrammer.

Slikt sett blir Vindfanget dobbelt opp verdifullt, for det fyste - og innafor gjeldande budsjettrammer - i kraft av seg sjølv. For det andre fordi dei frivillige ressursane genererer eit høgare driftsnivå.

Dersom kommunalt og statleg tilskot opphøyrer, blir Vindfanget lagt ned. Dette vil vera ei ulykke og medfører negative konsekvensar for mange:

- Dei deltakarane som mister dette tilbodet

- Dei tilsette som mister arbeidet

- Kommunen som mister skatteinntekter, og truleg får eit svekka omdøme

- Heile regionen som dermed står igjen med eit svekka hjelpeapparat.

Og dei frivillige og deira innsats? Dei forsvinn, i beste fall kanskje til andre organisasjonar eller tiltak, men dei vil vil nok truleg vera tapt for Bjørnafjorden kommune.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vindfanget har eit godt omdøme i lokalmiljøet, og difor har eg faktisk fortsatt tru på at politikarane i Bjørnafjorden ser behovet for å støtta vidare drift. I så fall vil sjølvsagt den frivillige innsatsen halda fram.

Jan Rune Bakke