Ille: Eg vonar at politikarane ser at dette er ille!

Dersom dette vert gjennomført, er det triste greier

Eg trur at ein del politikarar tenkjer: «Eg er glad for at det ikkje gjeld borna mine».

I går høyrde eg at Fusa skule nett har fylt 100 år eller skal fylla 100 år.

Eg veit ikkje heilt kva som er rett. Men det som er rett, er at Os & Fusaposten har presentert lesarbrev om at Ådlandsfjorden skule og Fusa skule er føreslegne nedlagt, og fleire skular i Os.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dersom det vert gjennomført, er det triste greier.

Fusahalvøya kan missa den einaste offentlege skulen som står igjen. Eg er samd med ein uttale av ei dame i Os & Fusaposten som meinte at Fusa skule burde pussast opp og utvidast. Det hadde lokka fleire born til Fusa skule og tilflyttarar.

Eg trur ikkje partia vinn veljarar på å gjennomføra nedlegging av skular. Eg trur at ein del politikarar tenkjer: «Eg er glad for at det ikkje gjeld borna mine».

Det som er hovudargumentet, er at Bjørnafjorden kommune har store lån frå tidlegare år. Desse skal betalast ned over tid. Kanskje kunne politikarane utsetja nokre investeringar i 2024? Slik at trykket letna litt?

Me høyrer og les om at det vert nedskjeringar på fleire felt, og fleire vert det vel når budsjettet for 2024 skal vedtakast.

Det som plagar dei fleste i Fusa, er den lange reisa som 1. til 7. klasse får dersom dei må reisa til Eikelandsosen skule. Tur -retur kan bli ca 25 km. Særleg ille kan det bli for dei som skal har SFO etter skuletid.

Kva med dei elevar som ikkje har SFO? Det er slik at fleire foreldre har arbeidet sitt på Os-sida. Når arbeidsdagen er slutt og dei kjem til Venjaneset, må dei då køyra eit par mil for å henta borna sin i SFO, eller vert dei «tvungne» til å flytta til ein annan kommune for å unngå slik belastning?

Slik vil vi ikkje ha det!

Artikkelen held fram under annonsen.

1. Eg vonar at politikarane ser at dette er ille!

2. Er ikkje borna det viktigaste me har?

3. Kvifor kan ikkje politikarane prioritera skulekvardagen og skulemiljøet for grunnskuleelevane?

4. Hugs at firmaet Frank Mohn på Venjaneset er den største arbeidsplassen i Bjørnafjorden kommune!

Mitt inntrykk er at dei fleste foreldre ynskjer at borna skal gå på ein offentleg skule så nær heimen som mogeleg.

Hans Ekeberg