Ingen god idé: I dag seier historia - og regjeringa - at Hordfast ikkje lenger er ein god idé.

Det er ei tid for alt, Halleraker

Eg vonar du har hatt 10 gode år i Hordfast AS.

Å kasta vrak på grundig arbeid over mange år, seier du. Dette er det som vert kalla «Sunk Cost Dilemma argumentasjon». Og berre for å gjera det klart, regjeringa kan kasta vrak på kva dei vil så lenge dei får fleirtal i Stortinget.

Les også
Regjeringen kan ikke kaste vrak på grundig arbeid over mange år!
Les også
BT erfarer at Hordfast vert utsett: — Eit svik overfor Vestlandet

Endeleg syner regjeringa handlekraft, seier eg. Regjeringa let no natur og redusert klimautslepp gå føre tvilsam samfunnsøkonomisk vinst. Du skal ha takk for ei god kronologisk framstilling i innlegget ditt, Halleraker. Hordfast hadde god fart og stødig retning frå 1994 til omlag 2014. Etter 2014, går det meir fram og attende for nyvegen over Bjørnafjorden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alle val må vurderast ut i frå si eiga historie. Det var truleg god semje dei 20 fyrste åra i Hordfast-førebuingane. Dei 10 neste åra 2015-2024, har det skjedd eitt og hitt i verda som det er klokt å ta omsyn til i dei politiske prioriteringane. Ein pandemi som påverkar reisevanane både for daglege reiser, men òg for lengre reiser. Klima i verda har fått tydelege teikn på endring. Ei rekkje viktige internasjonale avtaler om klima og naturmangfald har vorte tinga fram. Noreg har teikna seg på med stort fleirtal på stortinget til alle vesentlege avtalar, mellom anna den om å verna så mykje natur som råd frå nedbygging. Noko som er betre kjend som arealnøytralitet.

Når det gjeld Hordfast, er det mykje sant og usant å lesa i avisa. At prosjektet bidreg til redusert klimautslepp, er ikkje i nærleiken av sanninga om ein reknar inn utslepp som fylgje av bygginga. Den økonomiske lønsemda kan vera tvilsam trass i at bruk av natur ligg inne med ein kostnad på kr 0,- pr m2 brukt natur.

Om vi legg inn beskjedne kr 1000,- pr m2 brukt natur (godt under verdien på ein m2 bustadtomt), vert reknestykket monaleg annleis. Innrekna «meirnytte» som òg er til stades i dei samfunnsøkonomiske utrekningane, har nyare, økonomisk forsking langt på veg avkrefta at er reelle verdiar.

Eg vonar du har hatt 10 gode år i Hordfast AS, Halleraker. Du har sikkert kjempa lojalt for eigarane heile tida. Du er slett ikkje åleine i veglobbyselskap, det har vi i rikt mon av i Noreg, men kvar einskild av desse selskapa har si eiga tid kor dei har livets rett.

I dag seier historia (og regjeringa) at Hordfast ikkje lenger er ein god idé. Vegen over Bjørnafjorden vert no vonleg aldri bygd. Om eg var ordførar i Bjørnafjorden, ville eg som ein av fleire eigarar ha starta ein prosess med å løysa opp selskapet. Det er nok av andre gode føremål å nytta dei sparte pengane på. No høyrer ordføraren i Bjørnafjorden til eit anna parti enn eg, så eg respekterer sjølvsagt at han vel å prioritera på ein annan måte.

Håkon Kvåle Gissinger

Utflytta osing

Kommunestyrerepresentant

Artikkelen held fram under annonsen.

Malvik SV